Sveio Kystlag sin båt «Nyfalken» ved kai i Liereid, berre ei av bygdene kor det kanskje fint gamle filmopptak frå.ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Har du filmskattar frå kystlivet?
Har du private, uformelle gamle filmopptak frå livet langs kysten liggjande? Då kan dei kanskje få plass i den nye filmen «Havfolket» som skal ha premiere jula 2024.
NPK: Det er produsentane av filmen «BERGEN – i all beskjedenhet» som no vil gi resten av kystbefolkninga same heider som bergensarane fekk i den filmen, skriv Fiskeribladet.
Under arbeidet med den populære bergensfilmen dukka det nemleg opp perler som ikkje passa inn, men som no kan bli festa til lerretet i ein ny film.
No håpar medprodusent Elin Sander at folk langs heile kysten kikkar i skuffer og skap, loft og kjellar etter fleire filmatiske skattar.
Kor langt sør, eller kor langt nord «Havfolket» skal dekkje, er førebels uklart.
– Det blir i alle fall langt sør, og oppover i nord. Og absolutt ikkje hovudvekt på Bergen, svarer Sander til avisa på spørsmål om feiringa av bergenserane held fram inn i neste film.
Forholdet mellom Bergen og Nord-Noreg er ikkje berre ei solskinshistorie, minner ho på. No gler ho seg til å reise rundt langs kysten og møte folk.
– Vi treng menneske med historier, og tips om folk som er flinke til å fortelje. Vi ønskjer å fortelje den nære, private historia og tidsånda vi kanskje ikkje har sett før. Badeliv, eggsanking, levande film. Det skal bli både frekt og morosamt!
Produsenten funderer sjølv på om folket langs kysten kanskje har ein annan identitet enn menneska i innlandet. Det er eit spørsmål ho trur «Havfolket» kan gi ein peikepinn på.