nyhende
— Har byrja å treffa land
Uveret kjem som ein brei front mot både vest og sørlandet. No er toreveret på veg inn Boknafjorden og har nådd sør på Karmøy. — Vil nok opplevast som kraftig dei neste timane, seier Meteorologisk Institutt
Uveret som har vore varsla har allereie gjeve mykje nedbør langs heile vestlandet. Julie Solsvik Vågane i Meteorologisk Institutt seier at det er fare for styrtregn i området.
— Me har gjeve varsel om styrtregn, som vil seia at det kjem 20 millimeter nedbør på ein time. Me ventar at det kan vera opp i dei mengdene men det er vanskeleg å vita, seier Vågane.
Som vakthavande meteorolog har telefonen hennar vore nedringt i heile dag. På skjermane føre seg ser ho korleis regn og lyn fargar kartet.
— Det er ein kraftig front som trekk inn sør ifrå. Det gjev ganske kraftige byer og torever. Enn så lenge har det torna mest ute i havet, men no har det byrja å treffe land sør for Haugesund, på sørlege Karmøy, seier ho.
No er veret i ferd med å trekka nordover og inn mot land. Totalt sett er det ein brei front som strekk seg frå vestlandet og sør til Danmark.
— Kva er lurt å hugsa på no som det kjem masse regnver på kort tid, etter ein lang tid med berre sol?
— Det er jo litt uheldig at det kjem så mykje på ein gong, med tanke på at det ikkje får trekka ned i bakken der det har vore så tørt. I torever er det anbefalt å ikkje vera på opne sletter, i nærleiken av store tre, eller å bada sjølv om det har vore varmt i vatnet. Og skal ein køyra så hugs fare for vassplaning, seier Vågane.