nyhende

kommunestyremøte 200921
Nominasjonsprosessane er i gong, og no har to nye av dagens kommunestyre-representantar bestemt seg for om dei vil stå på listene framfor kommunevale neste haust eller ikkje.

Har bestemt seg om attval

To representantar som tidlegare har vore ubestemt om attval har no tatt ei avgjerd om si politiske framtid.

Publisert Sist oppdatert

John Kristian Økland (H) og Mikal Møller Hovda (H) ynskjer begge å stille til attval ved neste års kommuneval.

Dei to har tidlegare uttalt seg som usikre på kva dei ville gjere ved kommunevalet i 2023.

Til no er det 13 av totalt 25 representantar som ikkje vil stå til attval.
10 har sagt ja, og framleis er det to som ikkje har sagt om dei ynskjer stiller eller ikkje.

Dei to ubestemte er Rune Teikari (FrP) og Asle Georg Halleraker (Uavhengig).

Halleraker var inntil nyleg representant for Ap, men meldte seg ut i protest mot bruk av tvungen lønsnemnd for å få slutt på lærerstreiken.

Powered by Labrador CMS