nyhende
— Har aldri sett slike ringar før
Elise Våga har budd 20 år på Våga. Men aldri sett slik ringar som naturen lagde på fjorden før jul.
Elise Vågs tok bilde av naturfenomenet frå huset sitt på Våga 11. desember i år. Ho seier at det må vere naturen sjølv som har sytt for alle ringane.
— Det renn ei lita elv ned frå Kvednavatnet og ned i fjorden like bortanfor her, så eg reknar med at det må vere strøymingar frå elva som har laga dette, seier ho.
— Ingen ungar som har lekt seg og laga ringene, altså?
— Nei, det var ikkje trygg is dei dagane rundt bildet vart tatt, seier ho.
Annonse
Ho synest uansett at det var eit artig naturfenomen, som ho fann ut ho ville dele med Vestavind sine lesarar.
Bildet sende ho til Vestavind 3. juledag. Då var forholda annleis på Våga, utan is og ringar.
— Nei, no er det berre bølgjer å sjå, sa ho då.