nyhende

— Har aldri sett den så langt nord før

Ein omveg gjennom Vågedalen leia Espen Bore Hollund til å oppdaga den veldig sjeldne fuglearten gulirisk. Onsdag kom det fuglekikkarar langvegsfrå for å sjå den. — Det gav eit lite kick, seier Hollund om oppdaginga.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag gjorde Espen Bore Hollund frå Bømlo ein veldig uvanleg observasjon. Han såg ein gulirisk i Sveio. Ein fugl som er veldig langt heimafrå då den vanlegvis bur i vest- og sør-Europa.

Og det hende heilt tilfeldig.

Fann fugl på omveg

— Eg var på veg heim til Bømlo frå Utsira og tok ein omveg gjennom Vågedalen. Så høyrde eg ein fugl eg ikkje kjente igjen, seier Hollund.

Han tok opp lyden av fuglen, fekk den analysert gjennom ein app, og fekk beskjed om at det kunne vere ein gulirisk.

— Men lyden på appen likna ikkje det eg høyrde. Så eg sat ei stund og venta og så kom den sette seg i nærleiken av der eg var. Då fekk eg tatt eit bilete, seier Hollund.

Det la han ut på ei felles nettside for fuglekikkarar, og fekk raskt merksemd av dei som oppdaga varslinga.

— Alle fekk vita det samtidig, seier Svein Ivar Eliassen, ein av fuglekikkarane til stades i Vågedalen onsdag.

Saman med kona Grethe har dei teke vegen frå Utsira, der dei eigentleg var for å observera ein krattspurv. Opphaveleg held dei til i Sandnes.

Langt heimafrå

Ved parkeringsplassen i Vågedalen står dei side om side med fleire andre entusiastar, både med kikkert og lange teleskoplinser.

— Det er det nordligaste me har sett den før, seier Morten Kersbergen.

— Den lagar tøff lyd, seier Eliassen.

For dei som er ukjend med fugleartar i Europa kan ein av kikkarane, Bjørn-Tore Rekve Seim, forklara kvifor det er stort.

— Om du ser på kartet så er det blå området der den held til året rundt. Oransje er hekkeområde og lyseblå er der den overvintrar. Så langt unna Noreg, seier Seim og viser eit Europa-kart på telefonen sin med oversikt over gulirisken sitt område.

— Har du vore i Spania har du sikkert høyrt den kvitra frå trea, seier Kersbergen.

— Kva gjer dokker med funna dykkar?

— Me rapporterer det inn til ein database drive av Miljødirektoratet, kalla «artsobservasjoner.no». Der er det no over 30 millionar loggføringar av både flora og fauna, seier Seim.

Hjelpsam hobby

På den måten bidreg frivillige, entusiastar og turgåarar til å hjelpa myndigheitene med å ha oversikt over kva artar som vert observert rundt om i landet.

— Kvifor trur dokker gulirisken tok turen til Sveio?

— Det er nok vinden som har gjort at den har kome ut av kurs og dermed så langt nord, seier Kersbergen.

— Det er vanlegvis vind og vêrsystem som er årsaka til slike hendingar, seier Seim.

For han som oppdaga fuglen var det ei svært hyggelig hending som kom ut av det blå.

— Eg vart litt skjelven

— Korleis kjentes det når du forsto kva du hadde oppdaga?

— Nei, eg vart litt skjelven. Det er eit sånt lite kick, humrar Hollund.

Han viser til registeret hos nettsida artsobservasjoner.no og seier at det er første gong den er observert i Sunnhordland. Det er tredje gongen i Vestland, men forrige gong var i 1997.

— Du er frå Bømlo, så korleis fann du Vågedalen?

— Eg køyrde der ein gong for to-tre år sidan, og då såg eg ut området som noko spanande. Det går ein bekk gjennom der, og det er ein del forskjellige tre. Eg tenkte «jaja, kanskje dette er ein bra plass». Då tok det jo ikkje så lang tid før eg fekk rett, seier han.

Powered by Labrador CMS