nyhende
Håpar sveibuen blir glade for rebusen dei har fått i postkassa
Har du også fått ein rebus i postkassa? Lions Club Sveio håpar at den vil bli grubla over og levert inn. Den er meint som eit kjekt innslag i førjulstida.
I ei tid der faste arrangement ikkje kan gå som før, må også lag og organisasjonar tenka nytt. Lions Club Sveio har lånt eit opplegg frå naboklubben i Tysvær, der dei har hatt tilsvarande rebus i mange år.
– Alle kan vera med, det kostar ingenting, og har fine premiar, seier Mahias Vikse, som ser føre seg at det fint skal gå an å eliminera seg fram til rett svar.
Til alle husstandar
Brosjyrane er trykt opp i 2500 eksemplar. Rundt 2400 er delt ut over nokre dagar, éin til kvar husstand i Sveio. Tidleg denne veka blei dei siste 150 delt ut.
Lokale bedrifter har betalt for å vera med, dei er alle representerte med kvar sin logo – men noko forvrengte og rare er dei. Oppgåva går nemleg ut på å finna ut kor alle dei 23 logoane høyrer til.
– Me fekk alt svar på mail første kvelden, smiler Egil Lokna. Han er leiar, eller president som det heiter, i Lions Club Sveio.
Gir til andre
Laget har 24 medlemmer i Sveio, og har eit innhaldsrikt program gjennom året. Pandemien har sjølvsagt sett ein stoppar for det meste, derfor ville dei ha eit opplegg som kunne engasjera mange, og på same tid få inn litt pengar til laget.
– Me samlar inn pengar for å gi til andre. Bedriftene er med og hjelper, på same tid gjer me noko godt for folk i Sveio. Det gir ekstra kroner til andre prosjekt, seier Vikse.
Lions er ein verdsomspennande frivillig organisasjon, som hjelper både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I år har det lokale laget støtta UngSveio.