nyhende
Håpar solenergi kan gjera han til heiltidsbonde
Steinar Nesse sin gard har vore i familien sidan minst 1700-talet. Han inviterte sjølv Endra til staden for å snakka solcellepark og vonar samarbeidet kan endra livet hans. – Då kan eg verta fulltidsbonde saman med dottera mi, seier Nesse.
Garden Nesse er bokstaveleg talt historisk.
– Den er på om lag 1.500 mål og har vore i familien sidan 1700-talet. Heilt sikker før det også, men 1700-talet er det tidlegaste me kan datera, seier bonde Steinar Nesse.
Slekta går tilbake til år 1720, men garden er eldre. Beviset er ein planke i eit av dei gamle bygga frå 1668. Då var Noreg eit fylke i Danmark. I 2024 kan Nesse sin gard verta historisk på ny, som den første sol- og sauebonden i Sveio.
Sol og spelsau
– Korleis fant du eigentleg ut om Endra og solcellepark?
– Eg er veldig interessert i energi og jobbar i oljesektoren som kranførar. Sidan eg har så stor eigedom har eg tenkt mykje på å utvikla den. Eg har rydda og ordna mykje terreng, og då passa det å invitera dei hit, svarar han.
Dei har full gardsproduksjon med gris, sau og ammekyr, samt at dei haustar ein del skog til vedproduksjon. Trea dei kappar gjev plass til beite for dyra, og snart solcellepanel.
– Kva sa Endra når dei var på besøk?
– Dei likte området. Det er høgt oppe i terrenget, utan fjell, ikkje sjenerande for naboar og det er allereie inngjerda, seier han.
Han har om lag 20 gamalnorske spelsauar. Dei er ein rase som kan gå utandørs heile livet, og er perfekt for å dela beite med solcellepanel.
– Det vil styrkja garden sidan alle areal framleis er landsbruksareal, seier Nesse.
Norsk mat, landbruk og kraft
Bonden er ikkje uroa for noko påverknad av naturen og stadfestar at alle inngrepa er reversible. Avtalen mellom han og Endra ynskjer han ikkje å gå detaljert inn på, men seier følgjande:
– Det er nok til å styrka gardsdrifta, men ikkje noko eg vert rik av, seier Nesse.
Viss alt går bra med den komande solcelleparken kan faktisk den grøne industrien ha kosta oljeindustrien ein arbeidar.
– Eg håpar at det eg får gjort saman med Endra gjer at eg kan slutta i Nordsjøen og bli verande her på fulltid. Hovudinteressa er at eg kan verta 100 prosent bonde saman med dotter mi, seier han.
Nesse vert trygga av at Endra er eigd av Haugaland Kraft, kor mellom anna Sveio kommune er eigar.
– Då er dei ikkje styrt frå utlandet. Så då har me norsk landbruk, norsk matproduksjon og norsk kraftproduksjon på same stad. Det synest eg er viktig oppi alt dette, seier han.
– Korleis kjem det til å følast å produsera straum for sambygdingane dine?
– Veldig gøy, svarar han.
Over snittet interessert
Nesse oppmodar andre med eigna areal om å kontakta Endra. Han har berre godt å seia om dei, og trekk fram ein ringverknad av investeringa deira som kjem på mellom 80 til 120 millionar kroner.
– Det vil gjera mykje for infrastrukturen til gards og det elektriske. Då kan eg truleg erstatta nokre pumper og nytta mindre traktor, seier han.
Likevel innrømmer han at han ikkje akkurat er heilt nøytral ovanfor solcelleteknologien.
– Eg har jo eit bakkemontert anlegg i hagen sjølv. Det gjorde eg i sommar. Då Endra såg kva eg hadde bygd så skjønte dei nok at eg var over snittet interessert, humrar han.
Familiegarden tok han over i 2014 frå far sin. No kryssar han fingrane for at eit tiår seinare vert året han kan bli verande her og jobba saman med dotter si.