nyhende

Laila Vikse Lie (t.v) og Per Magnus Grøsvik (t.h) er klar til overtakinga 1. mai.FOTO: THOMAS VALLESTAD DRAGESET
Laila Vikse Lie (t.v) og Per Magnus Grøsvik (t.h) er klar til overtakinga 1. mai.

— Håpar eg får meir tid til barnebarna mine

Den 1. mai tek Per Magnus Grøsvik og Trygve Rolland offisielt over nærbutikken på Valevåg. Laila og Harry vil ein framleis kunna sjå i butikken. — Det blir kjekt å ikkje jobba så mange timar, seier Laila Vikse Lie.

Publisert Sist oppdatert

— 1. mai byrjar opplæringa av Per Magnus, seier Laila Vikse Lie.

Det er dagen nærbutikken på Valevåg offisielt går over til Per Magnus Grøsvik og partner Trygve Rolland.

Då skal han lærast opp i korleis ein driv nærbutikken. Det gler han seg til.

— Eg er klar som eit egg! Det vert veldig spanande, seier Grøsvik.

Laila og Harry med vidare

Sjølv om dei ikkje lengre vert eigarar skal Laila og Harry framleis jobba i butikken, berre mindre.

— Det vert kjekt å sleppa ansvar men å kunna fortsetta og jobba. Og ikkje jobba så mange timar, humrar Lie.

Ho har eit klart råd til sin overtakar.

— Du må ta ferie. Det sa doktoren min til meg, men eg gjorde det ikkje, seier ho.

Grøsvik på si side er glad for å ha dei med vidare på laget.

— Ho er glad for det, og det er eg også. Ho får fortsetta så lenge ho vil. Men ho skal sjølvsagt få trappa ned om ho ynskjer, seier han.

Grøsvik trur opplæringa vil gå fint, og trur han har kontroll innan eit år eller to. Lie lovar samstundes at dei ikkje skal stå i vegen for nyvinningar.

— Det er viktig at den som tek over får sjå ting på ein ny måte, og gjera som ein vil. Eg skal ikkje vera ei sånn som går og ser over skuldra og seier korleis eg brukar å gjera det, seier ho.

Kjem endringar

Grøsvik har tidlegare fortalt om planane han har for nærbutikken. Ei ombygging vil gjera den litt mindre, men samstundes gjera det mogeleg å ha den open mykje lenger.

— Me skal slå ut kontoret og ein kjøledisk til eit større kjølerom. Då vert den meir energieffektiv og har alt på ein plass, seier han.

Han ventar på sjølvbeteningsautomatane som vil kome innan fire til ti månadar. Planane har vorte godt tekne imot hjå lokalbefolkninga, for det meste.

— Det har vore ubetinga positivt. Eg trur dei var mest redde for at butikken skulle verta nedlagt. Det var ein som var uroa for sjølvbetening, men vart roa når eg sa at det skulle vera bemanna på dagtid, seier Grøsvik.

Det vert ei utviding av opningstid og tilbod fortel Grøsvik. Han vil også halda fram å søka om postkontor til nærbutikken.

— Og me held på å utvikla ei nettside for nærbutikken, som kundar vil kunna ha bruk for når den er klar, seier Grøsvik.

Eit fotballag med barnebarn

Laila og Harry går ei lys tid i møte, både metaforisk og grunna årstida. Fleire år med trugande straumrekningar løyste seg. Og no som dei skal få meir fritid skal det gå til det viktigaste.

— Eg håpar eg får meir tid til barnebarna mine, mannen min ser eg nok frå før, ler ein spøkande Lie.

Ho fortel at ho og Harry har fem barn til saman, og mange barnebarn.

— Me fekk eit nyleg. Det kom ein gut, smiler Lie.

Og det vert ikkje den siste, for innan året er omme får dei enda eit, og har til saman 11 barnebarn.

— 11 barnebarn? Då har de akkurat nok til eit fotballag, humrar Grøsvik.

— Det vert kjekt. Og så vert det meir tid til oss, og tid til hus og hage, seier ho.

Powered by Labrador CMS