nyhende
Håpar denne sesongen blir like hektisk
I vintersesongen har det til tider vore travelt på Skattkammeret – det betyr at tilbodet blir godt brukt av sveibuen. No er utstyr som høyrer til vannleik, friluftsliv og andre sommarslege aktivitetar funne fram, og teamet i Skattkammeret håpar dei får mykje å gjera denne sesongen også.
Som så mykje anna, måtte også Skattkammeret halda stengt då det var mykje koronasmitte i distriktet vårt for ei tid tilbake.
No er dørane opne, og dei som vil er velkomne innom for å låna utstyr. To timar kvar veke er det mogleg å komma innom, men det er også mogleg å låna ting utanom opningstida.
– Fast opningstid er om ettermiddagen torsdagar. Me oppmodar folk til å ta kontakt for å avtala hentetid om det ikkje passar – me er veldig fleksible, seier Kristianne Uri, leiar av Sveio frivilligsentral.
I vinter har skiutstyr, skeiser, hjelmar, akebrett og mykje anna blitt etterspurt – pågangen har vore enorm.
Nytt ansikt
– Det har ført til eit stort behov for ein ekstra tilsettressurs ved Skattkammeret, me har derfor fått Nina Birkeland Sørhus med på laget, fortel Uri.
Utstyr som høyrer snø og kulde til er i ferd med å pakkast vekk for å gi plass til anna utstyr som høyrer til denne sesongen.
– Nå håpar me at etterspurnaden etter sommarutstyr blir like stor, og at folk tenkjer miljø og inkluderer lånt utstyr i planlegginga av sommarferien, seier Uri.