nyhende

– Håpar Ap og Sp lyttar til sine eigne

Dei mest samfunnsnyttige vegprosjekta i heile landet. Slik karakteriserte Kjell Inge Davik Rogfast og Hordfast. Paneldebatten etterpå stadfesta at det er delte meiningar om prioriteringa av Hordfast. – Eg håpar Ap og Sp lyttar til sine eigne, seier André Mundal Haukås.

Publisert Sist oppdatert

Under Veikonferansen 2024 i Aksdal torsdag underbygde utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen sitt syn mellom anna med at 33 prosent av verdiskapinga her i landet skjer i Rogaland og Vestland. Davik understreka behovet for utvikling av infrastrukturen i dette området for at denne verdiskapinga kan halda fram.

Øyvind Halleraker frå Hordfast AS følgde opp med å fortelja at det ikkje finst noko vegprosjekt i heile Europa som vil gi like mykje innsparing i reisetid som ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen. På denne strekninga kan reisetida kortast ned med to timar.

– Heile regionen er avhengig av utbygginga av Hordfast. Eg er glad for at også Stavanger-regionen står saman med oss om dette synet, sa Halleraker.

– Arna-Stanghelle først

Haldninga i bergensregionen er ikkje like einsarta, heller ikkje blant sentrale samferdselspolitikarar. Dette kom fram i paneldebatten etter Davik og Halleraker sine sine innlegg.

Stortingsrepresentantane Marte Mjøs Persen (Ap) og Sigbjørn Gjelsvik (Sp) frå transport- og kommunikasjonskomiteen var med i panelet saman med Øyvind Halleraker, Tore Gautesen frå Karmsund havn og stortingsrepresentant Terje Halleland (Frp).

Etter eit visst press frå konferansier og debattleiar Tormod Andreassen i Stavanger Næringsforening, kom det fram at både Mjøs Persen og Gjelsvik, som begge representerer regjeringspartia, signaliserte at dei vil prioritera rassikring på strekninga Arna-Stanghelle framfor Hordfast.

Arna-Stanghelle blir også kalla K5, eit stort samferdselsprosjekt som Vegvesenet skal gjennomføra saman med Bane Nord og som omfattar både veg og jernbane.

– Håpar dei lyttar

Ein av dei 180 deltakarane på vegkonferansen var André Mundal Haukås (H), som både er ordførar i Sveio og leiar i Sunnhordlandrådet.

– Davik understreka  kor viktig Hordfast er, ikkje berre for Sunnhordland og Haugalandet, men for heile Vestlandet. Eg høyrer jo kva Mjøs Persen og Gjelsvik seier, men håpar dei også vil lytta litt til sine eigne partifeller her vest. Fjorten politikarar frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet har skrive under på oppropet om å prioritera Hordfast.

I tillegg til den betydninga Hordfast vil få når prosjektet er ferdig, seier Mundal Haukås også at sjølve utbyggingsfasen vil bety mange oppdrag og arbeidsplassar til lokal industri i Sunnhordland. Aluminiumsindustrien nemner han då særskilt.

Tilbakefører jordbruksareal

Mundal Haukås merka seg også eit anna punkt i Davik sitt foredrag som kan få direkte betydning for planarbeidet for ny E39 gjennom Sveio. Davik sa nemleg at Vegvesenet er svært opptatt av natur og miljø, og kom inn på det det han kalla økologisk kompensasjon.

Som eksempel nemnde han eit nyleg fullført prosjekt på E39 nær Førde i Sunnfjord, der vegvesenet har tilbakeført store areal til jordbruk. Dette har meir enn kompensert jordbruksareal som har gått med til vegutbygging, hevda Davik.

– Det er viktig å framheva dette. Det kan vera med på å dempa konfliktar og bli bra for dei som får nytt areal, seier sveioordføraren.

Meir til vedlikehald

Første foredragshaldar på vegkonferansen var statssekretær Tom Kalsås, som mellom anna snakka om den føreståande rulleringa av Norsk Transportplan (NTP). Regjeringa har lova å leggja fram sitt forslag før påske. Kalsås avviste at han har lekkasjar å koma med, men tok opp igjen noko av det regjeringspartia alt har sagt om planarabeidet.

– Dei store ønskelistene si tid er forbi. Me skal framleis byggja nye vegar, men leggja større vekt på å vedlikehalda det vegnettet me har. Og det må bli ein realistisk plan som det er mogleg å gjennomføra.

– Uroa over nedsnakking

– Eg er uroa over den nedsnakkinga av NTP-en som kjem frå regjeringa før dokumentet er lagt fram, sa Terje Halleland under paneldebatten.

Han var klar på at han prioriterer Hordfast framfor Arna-Stanghelle. Dessutan snakka han varmt for betre samband mellom aust og vest, altså E134, som også var tema på konferansen.

– Har me råd til å la vera å byggja ut Hordfast? spurde Tore Gautesen, som minna om behovet for effektivisering i ei framtid med fallande oljeinntekter og ei veksande eldrebølge. For å illustrera effektiviseringa som Hordfast vil representera, tok han dette eksemplet:

– I dag kan me nå 150.000 kundar innan to timar frå containerhamna på Husøy. Med ferjefri E39 mellom Stavanger og Bergen vil me nå 1,5 millionar på halvannan time.

Powered by Labrador CMS