nyhende

Håpar å stela andreplassen frå Sveio

Laget under Sveio på tabellen ligg berre to poeng unna, og går alt deira veg kan dei stela sølvet frå dei raude.

Publisert Sist oppdatert

Bremnes 2 er eit av 10 lag som spelar i same avdeling og divisjon som Sveio sitt herrelag. Alle har kjempa om å koma øvst, men det er allereie klart at Ølen 1 kjem til å enda på førsteplass med 48 poeng.

Men, kampen om andreplassen treng ikkje å vera bestemt enno. No tek Bremnes 2 sikte på å vinna sin siste kamp mot Skjold 2 fredag 27. oktober. Om dei gjer det får dei 36 poeng.

Sveio har før sin siste kamp mot Falkeid og 35 poeng, så dei raude må tapa for at Bremnes skal få sølvet. Trenar for Sveio, Henrik Grasdal Larsen, svarar på sølvdraumen til Bremnes.

– Kva tenkjer du om håpet deira?

– Det vert nok dessverre berre med håpet for deira del. Me går for ein roleg 7-0 siger framfor ein fullsett tribune heime mot Falkeid på fredag, skriv Larsen i ein sms til Vestavind.

Sveio sin siste kamp for sesongen byrjar klokka 19.00, og skal spelast på kunstgrasbanen.

Powered by Labrador CMS