nyhende
Hans Magne Skard: – Eg gler meg alltid til ein tur heim til Ulveraker
Hans Magne Skard er ein standupkomikar frå Sveio.
Kva er det beste du veit med sommaren?
– Vêret er jo ikkje til å koma unna, men hugs: det finst ikkje dårleg vêr, berre dårlege klede – neida. Elles er det fint at naturen står i full blomster, og at ein kan bada utan å kombinera det med badstove. Og så festivalar med god musikk, og lange sommarkveldar med gode vener.
Har du ein eller fleire sommartradisjonar du alltid må gjera?
– Eg gler meg alltid til ein tur heim til Ulveraker og nokre rolege dagar med opphavet på småbruket der. Dei siste åra har eg hatt for vane å treffa foreldra mine på godversdagar – i Sveio om sommaren og på Gran Canaria om vinteren.
Kva er ditt beste sommarminne?
– Eitt av dei beste frå barndommen var då eg padla Vigdarnatnet på langs i kano, saman med pappa og syster. Me overnatta halvvegs, det var godvêr, og slik eg hugsar det hadde me ganske god fiskelukke om kvelden. Eg synest Sveio er ein flott kommune for kanopadling med så mange ferskvatn.
Kva er din favorittsommarmat og/eller -drikke?
– For tida er det kanskje ein litt spicy halloumiburger. Gjerne med ei kald øl ved sida av, om høvet er der.
Kva skal du bruka sommaren på i år?
– Det blir ein miks av jobb og litt ferie innimellom. Eg blir verande i gamlelandet. Skal ha nokre show i Oslo, i Nord-Noreg og på Vestlandet, og så blir det heim til Sveio i august. Tek med eit par komikarkollegaer og skal visa dei litt rundt. Då blir det kanskje vaflar på Ryvarden, ei øl på Kaninholmen (Vasslivatnet), ein svipptur opp på Målefjellet, og eit friskt bad i Bømlafjorden. Dei er jo vane med ganske dårleg vasskvalitet i Oslofjorden, så det er sårt tiltrengt.
Kva er din draumeferiedestinasjon og kvifor akkurat dit?
– Eg har lyst til å reisa til Nepal og gå i fjellet. Ikkje opp på dei høgaste toppane, men kanskje rundt eit par av dei. Og bu i ein landsby der og slappa av. Eg føler det er eit land med låge skuldre, vakker natur, og ein stad å finne roa.