nyhende

Dronefoto sveio sentrum åsevatnet sveio omsorgssenter
Byggesaksavdelinga i Sveio kommune har handsama nokre færre saker første halvår i år. enn i same periode i fjor.

Handsama færre byggesøknadar i Sveio

Etter eit kraftig oppsving første halvår i 2021, gjekk talet på handsama byggesøknadar noko ned same periode i år.

Publisert Sist oppdatert

Sveio kommune handsama i alt 88 byggesøknadar i første halvdel av 2022. Det er 10 færre ein i same periode i fjor. I første halvår 2020 var talet 63. Dette kjem fram i ein halvårsrapport frå byggesak som leggjast fram i samband med haustens første møte i hovudutval for teknisk og næring (HTN) i Sveio, som finn stad måndag 5.september.

Søknadane frå årets første halvår fordelte seg på 55 såkalla eitt-trinnsøknadar, det vil seie søknadar som er så store at søkar må bruke ansvarlege føretak for jobben, og er typisk for småhus. 5 av søknadene handla om rammeløyve og 28 søknadar var utan ansvarsrett.

Dispensasjonar

Kommunen handsama til saman 39 søknadar om dispensasjon i samband med byggesaker i første halvdel av 2022, noko som utgjer ein del på 44 prosent. Til samanlikning innehaldt 48 prosent av byggesakene i 2021 søknadar om dispensasjon, medan tilsvarande tal for 2020 og 2019 var høvesvis 40 prosent og 44 prosent. Dei tre dispensasjonstypane som går mest att er framleis dispensasjon frå arealføremål avsett i kommuneplanen sin arealdel, byggeforbodet i strandsona etter plan- og bygningslova paragraf 1-8 samt det generelle plankravet etter føresegnene til kommuneplanen sin arealdel.

Godkjente 8 nye bustadeiningar

Det blei i første halvdel av 2022 godkjent 8 nye bustadeiningar. Til samanlikning blei det godkjent 32 nye bustadeiningar totalt i 2021 og 13 nye totalt i 2020.  Tilsvarande tal for fritidsbustadar er 5 godkjente i første halvdel av 2022, medan det totalt i 2021 blei gjeve løyve til oppføring av 11 nye fritidsbustadar. I 2020 blei det gjeve løyve til totalt 15 nye fritidsbustadar.

Heilårsbustadane som er godkjent til no i år har ei spreidd lokalisering rundt i heile kommunen, medan 4 av dei 5 godkjente nye fritidsbustadane ligg på Espenes, heiter det i rapporten.

Powered by Labrador CMS