nyhende
Hanaleite kan få ny næring
Sveio kommune har motteke bod frå to næringsaktørar som vil etablera seg på Hanaleite.
I januar månad mottok Sveio kommune to bod frå forskjellege lokale næringsaktørar. Boda kom i frå Lie Langtransport og Håvardsholm Maskin AS.
Dei baud på tomter på Hanaleite næringsområde i Førde.
Byr same pris
Om det vert sal til ein av aktørane, betyr det at BYGGi, Norsk Lek og Park, Helifuel AS, Førde Auto, Aktiv Caravan Haugalandet og Uteidyll AS får seg ein ny nabo.
Håvardsholm Maskin AS og Lie Langtransport legg fram kvar sitt ynskje om å kjøpa ulike delar av kommunen sin næringstomt på Hanaleite.
Delane av tomtene til dei to boda er overlappande, og kommunen har ikkje teke stilling til boda enno.
Felles for dei to aktørane er at storleiken på arealet dei vil kjøpa, og prisen dei byr, er den same: 236.145 kroner for 4.247 kvadratmeter.
Tomtene er ikkje opparbeidd. Dei to selskapa peikar difor på at det vil krevja mykje grunnarbeid for å gjera området brukande til ei næring.
Skal handsamast politisk
Kenneth Tollefsen, kommunalsjef for teknisk i Sveio, fortel at det framleis gjenstår mykje arbeid frå kommunen sin side.
– Me vurderer nå boda og vil ha nærmare dialog med aktørane, seier Tollefsen.
Det er fleire punkt som må avklarast før eit kommunestyre kan vedta eit sal eller ikkje.
– Det aktuelle området er ein del av Hanaleite næringsområde. Her er det ikkje ferdige frådelte tomter, seier Tollefsen.
Sjølv om selskapa har foreslått ein sum, vil kommunen sjå på kva dei sjølv ynskjer å ta betalt.
– Då pris ikkje er fastsett for arealet, må me bli einige om vilkår, og deretter handsama dette som ei politisk sak, seier Tollefsen.