nyhende
Halvparten sver til ribba på julaftan – i år også
Når julemiddagen blir teken inn i år skal halvparten av oss ha ribbe, 37 prosent pinnekjøtt og 6 prosent kalkun. Det gjer vi år etter år etter år.
– Det er lett og greitt fordi ein er glad i julemat og glad i tradisjonane rundt julematen. Så då et vi stort sett det same kvart år, seier sosiolog og analyseansvarleg Gunnar Thoen i Matprat til NTB.
Dei har fått svara på den årlege juleundersøkinga si frå Opinion, og der er det tydeleg at julaftan, det er ikkje dagen då vi tenkjer i heilt nye banar.
– Nordmenn har eigentleg vorte litt meir moderne i matvegen, vi prøver nye ting, men den tradisjonelle julematen består. Eg trur det er fordi at uansett kor mykje ein eksperimenterer elles og kor mykje ein er glad i nye smakar, så liker ein den smaken av jul. Og så handlar valet nok mykje om at julaftan berre er éin gong i året, så då vil ein nødig forandre mykje der, seier Thoen.
Han påpeikar også tre andre poeng som gjer det freistande å velje desse rettene igjen og igjen:
– Ribbe og pinnekjøtt er begge middagar dei fleste liker, dei er ganske enkle å lage, særleg om du har gjort det før, og greitt å lage til mange personar på éin gong.
Aldersbestemt dessert
Også dessertvalet på julaftan følgjer tradisjonar. Fire av ti svarer – igjen – at dei skal ha riskrem på bordet, medan to av ti skal ha moltekrem og éin av ti skal ha karamellpudding. Den litt yngre garden vil ha is.
Moltekremen peikar seg ut som generasjonsdessert, meiner Matprat, då han blir meir og meir favoritt med alderen, og er mest populært blant dei over 60 år.
– Eg tenkte eigentleg at riskremen også ville vore meir aldersavhengig, men der er populariteten meir jamt fordelt på aldersgruppene, seier Thoen.
Grandiosa-myte
Tala frå 2020 viser at ribba då som no, stod på rundt halvparten av middagsborda julaftan, og pinnekjøttet var valet hos 35 prosent. Kalkun har også hatt omtrent den same oppslutninga opp gjennom åra. Likskapen frå år til år går også igjen på regionalt nivå.
– Kva med myten om at mange et Grandiosa på julaftan?
– Ja, den kan vi nok ta livet av. Det er kanskje nokon, men forsvinnande få ut frå svara vi får. Vi tenkte kanskje at nokon åt pizza tidlegare på dagen, men det var det heller ikkje mykje av, seier Thoen.
Med i underkant av 1 prosent hamnar pizzamiddagen i ganske godt selskap. Det var i fjor nemleg også berre 1 prosent som åt lutefisk, torsk eller and.
Nyttårskalkun
Undersøkinga tek også for seg planane for nyttårsaftan og kva som vart konsumert 31. desember 2024.
– Der er det jo kalkunen som rår. 38 prosent åt det i fjor, seier Thoen.
Igjen ser det ut til at folk vel det same i år.
Litt kuriøst er det kanskje at neste store kategori på svaroversikta er alle som ikkje hugsar kva dei åt på nyttårsaftan i fjor: 15 prosent har gløymt.
– Så kan ein tøyse med at mange kanskje var meir opptekne av sjølve nyttårsfesten, men det heng nok også saman med at nyttårsmiddagen er litt mindre tradisjonell enn julaftan. Det speler stor rolle at det skal vere fest, men det har ikkje så mykje å seie akkurat kva som står på menyen, seier Thoen.