Les Vestavind GRATIS fram til vår nye abonnementsløysing er på plass!
nyhende
Lystgass blir å høyra på Sveiofestivalen:
Halvparten av billettane er selde
Sveio-bandet Lystgass skal opptre under Sveiofestivalen i Kvalvåg 14. juni neste år. Også resten av utøvarane kjem frå Haugalandet.
Det er Ford Rekord, Fyk, Fog Beat og Muddy Young, fortel festivalarrangørane Sten Birkeland og André Birkeland. Også varer og tenester tar dei sikte på å handla lokalt.
600 billettar
Dei kan også opplysa at halvparten av dei 600 billettane til festivalen allereie er selde.
– Med andre ord, dei som er interesserte i å vera med må hiva seg rundt no, understrekar André.
Då festivalen søkte om og fekk skjenkeløyve, blei talet på deltakarar oppgitt til 500-650. Skulle det visa seg at interessa bli veldig stor, seier André Birkeland at dei vil ta kontakt med kommunen med spørsmål om å auka deltakartalet til 1.000.
– Området her må jo ha potensiale til 5.000, legg han til. Men då tenkjer han på kva festivalen kan utvikla seg til om nokre år.
Sveiofestivalen, som først blei omtalt i Haugesunds Avis, skal arrangerast på garden til Kai Peder Birkeland, som er bror til Sten og onkel til André.
Utandørs
– Alt skal foregå utandørs. Det blir festival uansett, men veret vil sjølvsagt ha mykje å seia, seier Sten.
Scene, lys og lydutstyr skal leigast inn og setjast opp ei vekes tid før festivalen. Mykje tidlegare skal marka drenerast, og det skal gjerast ein del arbeid der festivalområdet skal vera
Tidspunktet for festivalen er elles valt for at bonden som slår på garden, skal bli ferdig med slåtten.
Ikkje parkering
– Kva med parkering?
– Me har ingen parkeringsplassar. I samråd med kommunen blir Kvalvågvegen stengt i begge retningar forbi festivalområdet. Me håpar at flest mogleg vil koma med båt. Elles må dei bli køyrde til området. Og det blir sett opp skyttelbussar frå Haugesund og Tysvær, fortel dei to nybakte og uerfarne festivalgeneralane.
Dei innrømmer at dei heller ikkje har mange gjestebåtplassar å tilby, men seier dette er noko dei arbeidar med.
Sten og André er klar over at dei treng hjelp av mange andre for at festivalen skal bli avvikla på ein god måte. Dei har inngått avtale med Sveio Idrettslag om at foreldre skal gjera dugnad mot sponsing av idrettslaget sine aktivitetar.
Treng dugnadshjelp
– Men skriv gjerne at me har bruk for dugnadshjelp av andre også. Då blir det utan vederlag, men med ei gratis konsertoppleving, seier dei.
Dei fortel også at dei har sendt nabovarsel til alle naboane av festivalområdet, og berre fått positive tilbakemeldingar.
Sveiofestivalen blir arrangert for første gong neste år, men Sten og André ser for seg at dette vidare skal bli eit årvisst konserttilbod som markerer starten på sommaren.