nyhende

Til no i år har 18 personar omkomme ved bruk av fritidsbåt, mot 27 personar på same tid i fjor. I sommar var det ei halvering av omkomne, samanlikna med i fjor.
Til no i år har 18 personar omkomme ved bruk av fritidsbåt, mot 27 personar på same tid i fjor. I sommar var det ei halvering av omkomne, samanlikna med i fjor.

Halvering av omkomne i fritidsbåt i sommar

Sjøfartsdirektoratet har registrert åtte omkomne ved bruk av fritidsbåt i månadene juni, juli og august. Dette er ein nedgang på åtte personar samanlikna med sommarmånadene i fjor der 16 personar omkom.

Publisert Sist oppdatert

Halvparten så mange døydde ved bruk av fritidsbåt denne sommaren, samanlikna med i fjor, skriv Sjøfartsdirektoratet i ei pressemelding.

– Denne sommaren er den første med krav til høgfartsbevis, eitt av mange tiltak for å skape større tryggleik på sjøen. Men det er for tidleg å konkludere med kvifor ulykkestalet er så mykje lågare i år enn i fjor, seier sjøfartsdirektør, Knut Arild Hareide.

Sju av dei åtte omkomne i sommar var menn. Snittalderen var 46 år. Den yngste som omkom var 18 år, medan den eldste var 93 år. Størst nedgang var i ulukker med kantring eller grunnstøyting.

Til no i år har 18 personar omkomme, mot 27 personar på same tid i fjor.

Regjeringa har vedteke ein nullvisjon om ingen omkomne eller hardt skadde på sjøen som omfattar både fritids- og yrkesfartøy. Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran (Ap) har invitert til eit innspelsmøte om dette i september.

Powered by Labrador CMS