nyhende

Asle Georg Halleraker (Ap) har meldt seg ut av Ap, i protest mot at regjeringa tok i bruk tvungen lønsnemnd i lærarstreiken.Foto: Arkiv
Asle Georg Halleraker (Ap) har meldt seg ut av Ap, i protest mot at regjeringa tok i bruk tvungen lønsnemnd i lærarstreiken.

Halleraker utfordrar Erve om førsteplassen i Sveio Ap

Kommunestyrerepresentant Asle Georg Halleraker seier at han stiller til attval for Sveio Ap, men berre om han står på øvst på lista. — For meg er det førsteplassen eller ingenting, seier han.

Publisert Sist oppdatert

Halleraker vert dermed ein utfordrar til sittande ordførar Linn Therese Erve for å vere øvst på Ap si lista framfor valet i 2023. Ho har som kjend allereie takka ja til ein førespurnad frå partiet si nominasjonsnemnd om å vere partiet sin ordførkandidat.

Halleraker vart tilbydd andreplassen. Han takka pent for tilliten, men sa nei.

— Ved siste val vart eg tilbydd same plass, og i fire år har eg gjort det beste eg kan. Eg synast det er naturleg å ha noko å strekke seg etter.

Halleraker seier at han framleis stiller seg disponibel til å vere Sveio Ap sin førstekandidat, om nemnda og medlemmane ynskjer det.

— Innstillinga har ikkje endra seg

Til Vestavind seier leiar for Sveio Ap si nominasjonsnemnd, Øyvind Andreassen, at han ikkje kan kommentere Halleraker sitt ynskje.

— Innstillinga til nemnda har ikkje endra seg, det er Linn Therese Erve på førsteplass, seier han.

Ifølge Andreassen var det ein samstemd nemnd.

— Det var ein samrøysta innstilling, med Linn Therese på førsteplass og Asle på andreplass, seier han.

Bra med konkurranse

Halleraker sjølv trur det er bra at det er fleire kandidatar til Ap sin førsteplass.

— Det er jo litt spennande. Eg må sei det er ein god ting, sjølv om andre kan sjå det på ein annan måte. Andre parti slit jo med å fylle listene sine. Eg ser ikkje det som noko negativt, seier han.

— Trur du fleirtalet av Sveio Ap sine medlemmar ynskjer å ha deg på førsteplass?

— Det er litt vanskeleg å svare på, vi har to veldig gode og kompetente kandidatar. Eg har blitt oppmoda av fleire medlemmar i partiet, og det er på bakgrunn av dette eg seier at eg kan stå øvst på lista, seier han.

Sjølv trur Halleraker at han kan appellere breitt i det politiske landskapet.

Halleraker fekk nest flest personstemmer av alle kandidatane i Sveio ved siste val, berre slått av Linn Therese Erve.

— Det var ikkje berre Ap-veljarar, men også ein del slengjarar frå andre parti. Eg håpar eg kan vere ein samlande person for mange, seier han.

Ein klar skilnad

Skilnadane mellom han og Erve meiner han er klarast når det kjem til spørsmålet fylkestilhøyrsle.

— Eg meinte det var tenleg å søke sørover, mens ordførar og varaordførar gjekk tidleg ut og ville nordover, seier han.

Halleraker respekterer resultatet av folkerøystinga, og seier at det kom noko godt ut av heile prosessen.

— Det fekk Vestland fylke til å sjå på prising av kollektivtilbodet, og både Rogaland og Vestland til å sjå på elevar i Sveio sin rett til å gå på skule i Rogaland, seier han.

Skulegang er noko han er oppteken av. Halleraker har leia hovudutval for oppvekst og kultur i sju år, og seier satsing på barnehagar og skuler er hjartesaker.
— Og vi har eit stykke å gå når det gjelder å etablere nye næringar og nye arbeidsplassar i Sveio.

Erve: — Demokratiske prosessar

Sittande ordførar Linn Therese Erve seier til Vestavind at ho takka ja til ein førespurnad frå nominasjonsnemnda, og at det er medlemane som bestemmer kven som skal veljast til førstekandidat.

Linn Therese Erve får konkurranse om 1. plassen på lista til Sveio Ap.

På spørsmål om kva ho synast om konkurranse for førsteplassen svarar Erve:

— Eg har sagt at eg takkar ja til førespurnad om å stå på førsteplass, så skal det vere demokratiske prosesser i partiorganisasjonen, seier ho.

Kven som vert førstekandidat for Sveio Ap skal bestemmast på eit medlemsmøte, som det vert kalla inn til seinare i haust.

Powered by Labrador CMS