nyhende

Fredagen blir våt, og så kald at det kan koma snø. Men i helga skjer det noko.
Fredagen blir våt, og så kald at det kan koma snø. Men i helga skjer det noko.

Hald ut ein dag til – det blir betre

Vinterferievêret har ikkje vore mykje å skryta av. Fredagen blir også våt, og det kan koma snø. Helga ser derimot ut til å bli ganske bra.

Publisert Sist oppdatert

Det blir lite sol, men med temperaturar opp mot 10 grader og lite vind, kan det bli ein smak av vår.

Men først gjeld det altså å halda ut fredagen. Temperaturen nærmar seg null igjen, og det er venta nedbør heile dagen, med mogeleg skodde om kvelden.

Kan koma snø

– Etter ein torsdag med med mild luft og temperaturar rundt 7-8 grader, fell temperaturen til 2-3 grader fredag. Det betyr at ein del av nedbøren kan koma som snø. Det vil truleg ikkje koma så mykje at snøen legg seg, men skal ein ut å køyra er det lurt å vera obs. Særleg om ein skal litt innover i landet eller opp i høgda, seier Julie Solvik Vågane, vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Når fredagen er overstått, begynnar det å skje ting.

Tosifra på gradestokken

– Det ligg nokre små lavtrykk med nedbør på lur, men i helga ser det ut til at austavinden vil halda dei unna. Temperaturen vil også stiga såpass at de kan sjå tosifra tal på gradestokken. Sol kan eg dessverre ikkje lova, og det kan koma nokre dropar med regn. Men alt i alt ser det ut til å bli ei fin helg, seier Solvik Vågane.

Måndag blir det nærgåande lavtrykk igjen, og dei kan dra seg inn over tysdagen også.

– Resten av neste veke ser ut til å bli ganske fin med sol innimellom. Så skulle ein valt vinterferie etter vêret, burde den vera neste veke, avsluttar meteorologen.

Powered by Labrador CMS