nyhende
Nye råd frå regjeringa:
– Hald dykk heime, ha minst mogleg sosial kontakt
Noreg er i starten på andre smittebølgje. Viruset spreier seg raskt, og alle fylke har smitteutbrot. Regjeringa innfører derfor nye nasjonale smitteverntiltak.
– Min beskjed til det norske folk er: Hald dykk mest mogleg heime. Ha minst mogleg sosial kontakt med andre. Saman kan me snu den skumle utviklinga i smittetala, men det krevjar at alle er med på ein skikkeleg dugnad dei neste vekene, seier statsminister Erna Solberg i ei pressemelding.
Vil unngå nedstenging
Det viktigaste er at alle føl dei grunnleggjande råda om å halda avstand, halda hendene reine, halda seg heime om ein er sjuk, og halda nede talet på menneske ein møter.
– Me har ei kraftig auke av personar som testar positivt. Situasjonen er svært alvorleg, og det er krevjande for mange kommunar å spora smitta. Me har ikkje tid til å venta og sjå om tiltaka me innførte i førre veke er nok. Me må handla no, for å unngå ei ny nedstenging som i mars, seier Solberg.
Bratt kurve
Smittespreiinga har auka stort den siste tida. I starten av august var det 300 nye smitta kvar veke, siste veka av oktober var det 3000 nye smitta. Kurva blir brattare for kvar veke.
– Held denne utviklinga fram, vil det skapa store utfordringar for helsetenesta, slik me ser skjer i land etter land i Europa. Me set derfor inn nye tiltak som er tilpassa smittesituasjonen me er i no. Det er særleg viktig å målretta tiltaka, slik at me reduserer sosial kontakt og reiser til og fra utlandet, seier helse- og omsorgsminister Bent Høie.
Sjå regjeringa.no for oppdaterte anbefalingar.