nyhende
Hagetips: No kan du kalke
Rett pH-verdi i jorda er viktig for både gras, blomar og grønsaker. Ofte er nokre nevar kalk alt som skal til.
Det meste av jorda i Noreg er surare enn det som er optimalt for plen og dei fleste hageplantar. Kalk gjer jorda meir basisk, slik at planterøtene breier seg ut og kan ta opp meir vatn og næring.
— Om jorda er for sur, blir rotsystemet i planten mindre, og då blir næringsstoff og gjødsel i jorda mindre tilgjengeleg. Då blir også avlinga dårlegare. Ein pH på rundt 6 gir difor optimale vekstvilkår for både gras, blomar og grønsaker, seier Dag-Arne Eide, som er fagleiar for jordbruk i Norsk Landbruksrådgiving Vest med kontor på Sandane.
Kast kulene
Løysinga på sur jord, kan altså vere å kalke. Anten om hausten, eller no om våren; før, eller rett etter at snøen har smelta. Både blomsterbed, bærbuskar, frukttre og plen gjødslast og kalkast likt.
Eide seier at det for hageeigarar er mest aktuelt å kjøpe kalk i småsekkar, og gjerne kalk eller kalksteinsmjøl som også inneheld magnesium. Det meste av hagekalk er granulert og kjem som små kuler av kalksteinsmjøl.
— Der bøndene reknar 500 kilo kalk på målet, bør ein vanleg hageeigar rekne rundt 0,5 kilo per kvadratmeter. Det betyr at ein hage eller plen på 50 kvadratmeter kan trenge rundt 25 kilo kalk. Kalken skal strøast utover for hand og så jamt det lét seg gjere, direkte på plenen eller oppå jorda, forklarar han.
Mange unnatak
Det er likevel ingen reglar utan unnatak, og når det gjeld kalk, er unnataka fleire, understrekar Eide. Surjordsplanter, som rhododendron, lyng, mispel, hageblåbær, alperose, hagehortensia og potet, trivst best i sur jord og skal ikkje ha kalk.
— Surjordsblomar veks dårleg om pH’en blir for høg. Poteta, som treng lågast pH av alle kulturplanter og trivst best i jord med pH på 5,5, kan utvikle skurv om pH’en er for høg. I motsett ende har me kålvekstane, som er dei som treng mest kalk og høgast pH. Dei kan utvikle klumprot om dei får for lite kalk, seier Eide.
Ta jordprøve
Det store spørsmålet er sjølvsagt korleis du kan vite kva slags pH-verdi jorda di har. Det finst det ingen enkel måte å sjekke, fortel Eide. I tillegg kan jorda vere for sur somme plassar i hagen, og heilt passeleg i andre enden. Generelt veit me at det kjølige og til dels fuktige klimaet, saman med sure bergartar som gneis og granitt, gjer at mykje av jorda i Noreg er surare enn det plen og mange hageplantar likar.
— Om du lenge har hatt problem med å få ting til å vekse, eller om du skal lage til heilt ny plen og få levert mykje ny jord, kan det vere ei god investering å ta prøver av jorda og få ho analysert hjå eit av laboratoria som spesialiserer seg på dette.
Laboratoria analyserer jorda for surleik (pH), lettløyseleg fosfor (P-AL), kalium (K-AL), magnesium (Mg-Al) og kalsium (Ca-Al). Mange hagesenter tek i mot prøver og sender dei vidare for deg, og du kan også sende prøvene direkte til til dømes Eurofins eller Ofotlab.
Mose eit teikn
— Viss pH-verdien er under 5,8, er jorda for sur. Då bør du kalke. Dei ideelle verdiane er frå 6 til 6,5. Når jorda har fått rett surleiksgrad, treng du ikkje å vedlikehaldskalke meir enn kvart andre eller tredje år, forklarar Dag Arne Eide, som også kjem med ei meir lettvint oppmoding til sist:
— Mose i plenen kan vere eit teikn på for låg pH og for sur jord. Om ein kalkar, blir ikkje mosen borte, men kalken vil gje graset betre vekstvilkår og fortrengje noko av mosen. Sjølv har eg fått eit meir pragmatisk forhold til plenmose med åra. Mose i plenen gjer jo faktisk plenen mykje lettare å halde ved like!