nyhende

Hærverk på barnehage

Måndag fekk Silje Grønlien ei stygg overrasking då ho kom på jobb. Den pedagogiske leiaren måtte bruka første del av arbeidsdagen på å rydda etter hærverk, og spyla ei leikehytte rein for spytt og urin.

Publisert Sist oppdatert

Førde barnehage har etter årets oppussing to populære leikeplassar. Den nye på framsida, og ein mindre synleg, men også populær ein på baksida.
I løpet av helga vart sistnemnde utsett for hærverk.

Silje Grønlien, pedagogisk leiar, var den som oppdaga kva som hadde hendt.

Urin, spytt og boss

– Eg fann det slik og måtte rydda opp alt. Eg har spylt bort urin frå leikehytta, saman med store spyttklyser, seier ho.

Fleire bord vart også gjort skadde med kniv, og flytta på med hensikt om å vera til bry.

– Borda var sette i vegen for å sperra for dørene, og dei har brukt kniv for å skada borda. Me fann også masse boss på taket, seier Grønlien.

Framleis ligg det bruskassar og anna boss på taket. Det har dei ikkje rokke å henta ned enno.

– Eg har kasta tre poser med boss som låg igjen frå helga, seier ho.

Populært blant ungdomar

Dei har ikkje noko mistanke om kven som står bak. Styrar Hilde Johannesen seier dei ikkje har meldt saka til politiet.

– Men om det held fram, så kjem me til å gjera det, fortel ho.

Grønlien og andre tilsette har sett at barnehagen har vore besøkt i gjennom sommaren, men at det har teke seg opp etter kvart.

– Andre vaksne i bygda har også sett ungdomar her. Ein tilsett høyrde ungdomar som var her ein kveld i helga, seier ho.

Grønlien fann ein kniv på staden, og trur det er den som har vorte brukt til hærverket. På bakken låg det framleis bitar frå bordet som var skorne laus.

Frustrert

På det sosiale mediumet Facebook la tilsett Sofie Lindroos ut ei fortvila melding tidlegare i dag.

– Gjennom sommaren har me sett tendensar til at dette utartar seg negativt. Me finn stadig oftare øydelagde brusboksar og anna medbrakt kasta rundt omkring på område. Leiker og kassar som ligg igjen i sandkassar er øydelage eller kasta på taket o.l., skriv ho.

No ber ho om hjelp, og oppmodar folk til å snakka med sine barn og ungdomar om at slik oppførsel ikkje er greit.

Lindroos avsluttar med å seia at folk framleis er velkomen til å vera der, men at dei må forlata barnehageområdet i like god stand som då dei kom.

Powered by Labrador CMS