nyhende

Gunnhild Larsen

fødd 6. mai 1925 på Staupe.

Publisert Sist oppdatert

Saka var på trykk for første gong i Vestavind 7. mars 2019.


Ei hending frå to-tre årsalderen står for Gunnhild Larsen like klart som om det var i går. Ho hadde pynta seg med kjole og perleband og stod utanfor barndomsheimen og blei fotografert. Då kom katten og strauk seg rundt beina hennar, og veslejenta fekk ein idé om å hengja perlebandet rundt halsen på kjæledyret sitt.

– Det skulle eg ikkje gjort, for det var det siste eg såg til det perlebandet enda så mykje me leita, fortel Gunnhild. Ho voks opp på Staupe i dåverande Vestre Vikebygd, som eldst i ein søskenflokk på seks. Foreldra var Anna f. Flåtene og Gregorius Staupe. Garden grensar i aust til Ålfjorden.

I mai det året Gunnhild fylte sju byrja ho på skulen. Ho gledde seg ikkje, ville mykje heller vera heime med geitene. – Geiter er dei kjekkaste dyra eg veit, seier Gunnhild som har mjølka og sprunge haug og hammar etter firbeinte sidan ho var lita.

Skulehuset låg på Brattestø. I den lyse årstida klatra skuleborna snarvegen langt opp i berget, om vinteren måtte over ein høg ås for å ferdast nokolunde trygt. – Det var ingen som hadde sendt ein unge den vegen i dag, fastslår Gunnhild.

Noko som særleg har brent seg fast i minnet er då ho som 14-åring fekk vera med på geitadrift til Valldalen i Røldal. Det var ei nøye førebudd reise som tok fleire dagar. Buferda gjekk med skøyte inn Åkrafjorden, og det bræka fælt med 70-80 geiter ombord. Båtturen inn til Fjæra tok heile natta, og endå gjekk det vel to dagar før dei var framme.  – Etter ei søvnlaus natt, dreiv me geitene vidare, på Rullestad sovna eg medan eg gjekk. Etter det heldt far min staven sin på utsida av meg slik at eg ikkje skulle hamna utfor, minnast Gunnhild. Første stopp var oftast Vintertun, heile turen var som eit eventyr for ungjenta.

Tilbake til Staupe: Næraste handelsmann var Bjoa eller Førde. Bjoa-alternativet var lengst vekke, men enklast for då kom varene med båt. Vegen til Førde gjekk gjennom utmarka der det ferdast mykje kyr, stutar og hestar.

Konfirmasjonskjolen til Gunnhild var svart med kvit krage. I tillegg hadde ho ein raud, såkalla «andredagskjole». Gåvene ho fekk var seks lommeplagg med broderi i ei eske, fem kroner, fire par koppar, og ei glasskål. Det var ikkje småtteri den gongen!

Før Gunnhild gifta seg var ho mykje heime på Staupe og hjelpte foreldra, i tillegg var ho fødselshjelpar rundt om i heimane. Anton Larsen skulle bli Gunnhild sin kjære ektemann, foreldra hans hadde hytte nær Staupe, og dei unge fann snart tonen. I 1946 blei det bryllaup, paret flytta til Kopervik, og etterkvart kom fem gutar til verda. Etter at Gunnhild blei enkje i 1986 har ho budd med yngste sonen, Alf Gunnar, i Kopervik.

Det er ein svært oppegåande 94-åring som tek imot oss. Og spesielt er ho stolt over sine ni barnebarn, 19 oldebarn, og to tippoldebarn, i tillegg kan ho røpa at eit tredje «tipp» er på veg.

Powered by Labrador CMS