nyhende
Gunnhild (24) er Vestavind sin nye journalist
Vestavind sin nye journalist, Gunnhild Lønning (24), gleder seg til å bli kjent med Sveio.
Flittige lesarar av Vestavind har allereie merka seg at det har dukka opp ein ny signatur på artiklar i avisa. Gunnhild Lønning har i nokre veker hatt eit vikariat i avisa, og frå fredag 1. april er ho fast tilsett som journalist. Ho tek over stillinga etter Kari Nilsdatter Haukås, som etter meir enn 15 år med solid innsats for Vestavind no blir pensjonist.
Utdanna lektor
Gunnhild Lønning er 24 år og vaks opp på garden Lønning på Stord. Etter grunnskulen pakka ho sekken og reiste til Framnes kristne vidaregåande skule. Etter tre år i Norheimsund gjekk turen vidare til Universitetet i Bergen, kor ho tok fatt på ei 5-årig lektorutdanning, noko som også inkluderer ein master i framandspråk (tysk). I august gjekk turen vidare til Førde i Sunnfjord og eit halvårig studium i journalistikk ved Nynorsk avissenter. I samband med det har ho hatt praksis i avisa Firda i Førde i Sunnfjord, og i avisa Nordhordland i Knarvik.
— Etter at eg fullførte lektorutdanninga ved universitetet i Bergen, kjende eg at eg hadde trong for nye impulsar. Eg ynskte å gjera noko heilt anna og få fleire bein å stå på. Eg ser ein stor overføringsverdi frå læraryrket til journalistyrket. Ein skal formidla kunnskap og lærdom, vera språkmedviten og stadig gjera yrkesetiske vurderingar. I tillegg får ein jobba med menneske, noko eg har hatt lyst til heile livet, seier ho.
Som journalist ynskjer ho å lyfta fram dei gode historiene frå lokalmiljøet, men òg dei kritikkverdige tilhøva.
— Lokalavisa fungerer som eit særs viktig bindeledd mellom folk i distrikta. Gjennom lokalavisa vert lesarane kjende med andre som held til i nærområdet, og dei held seg orienterte om det som rører seg i samfunnet, næringslivet, kulturlivet og politikken. Eg vonar sveibuane ser verdien av lokalavisa som informasjonskjelde og tradisjonsberar, seier ho.
Nysgjerrig på Sveio
Ho vonar lokalmiljøet får tillit til ho som journalist.
— Eg gleder meg til å verta betre kjend med sveibuane. Dei eg har møtt eller snakka med til no, har vore imøtekomande og vensame. I Sveio er det mange interessante folk, fin natur og eit stødig kulturliv. I tillegg til å kringkasta lokale hendingar har eg òg sett meg som mål å vera eit talerøyr for den vakre og historiske kulturskatten vår, nemleg nynorsk, seier ho.
I samband med at ho no startar i fast jobb i Vestavind, har ho tatt med seg flyttelasset til heimgarden Lønning, der foreldra driv eit småbruk som 24-åringen har førebelse planar om å ta over på sikt.
Og no ser ho fram til å verta kjend med Sveio på ein heilt ny måte.
— No set eg det veldig på spissen, men før eg byrja i denne jobben, var så å seia den einaste Sveio-assosiasjonen min «softis på Haukås», smiler ho.