nyhende
Gunnar Andersen tek med seg showet sitt til Førde
Laurdag kjem haugesundaren og kjendisen Gunnar Andersen til Sveio.
Andersen har lang fartstid som underhaldar. Han er komponist og tekstforfattar, tidlegare programleiar på TV, revy- og showprodusent og medlem av underhaldnings- og plategruppa 3 Busserulls.
Peter Jepsen, også kjend som Cateringspesialisten AS, har no invitert Andersen til restauranten Kaien i Førde for eit to timar langt show komande laurdag, og det er framleis mogleg å sikra seg plass som tilskodar.
— Eg gleder meg til å endeleg få underhalda der bestemora mi kjem frå, seier Andersen.
Peter Jepsen kan dessutan fortelja at det ligg meir moro i vente utover laurdagsprogrammet:
Den 11. juni vert det arrangert «beat for beat» i regi av musikaren Bent Stølås frå Kopervik.
I samband med dette vil Stølås òg gå i bresjen for ein aldri så liten konsert i restaurantlokalet.