nyhende
Gunnar (53) er bonde, friviljug karatetrenar og brenn for den norske dugnadsånda
Gunnar Osmundsen (53) tek imot den femte buketten frå Vestavind. Han syter mellom anna for at du lærer deg sjølvforsvar og har mat på bordet.
Ein tipsar skriv følgjande til Vestavind: «Han gjer ein god friviljug innsats som karatetrenar i Sveio og ein god jobb for at andre skal kunna koma og trena i trygge omgjevnader. Han inkluderer alle; både ungar i barnehage, born med utfordringar og godt vaksne menneske.»
Vestavind bestemte seg dermed for å treffa han og vita meir om arbeidet og bakgrunnen hans.
Ein røynd «sensei»
Osmundsen byrja med karate som 16-åring. Om lag 37 år med karatetrening ligg no bak han, og med sitt andre svarte belte i denne kampsporten er han høgst sannsynleg god til å slåst.
Han har arbeidd på Sveio karateklubb i om lag ti år som friviljug instruktør, eller som ein hadde sagt på japansk: friviljug «sensei». Denne jobben gleder og motiverer han på mange måtar.
— Eg synest det er veldig kjekt å vera instruktør. Det å koma seg på trening og sjå korleis ungane gløder i spenning er veldig gjevande. Det som driv meg er å sjå at ungane kjenner meistring og får dette til, seier Osmundsen.
På karatetreningane trener dei både balanse, koordinering, mobilitet, styrke og kondisjon. Og sist, men ikkje minst: disiplin.
— Me trener ikkje berre heile kroppen, men òg disiplin. Når ungane kjem på trening, må me vera strenge og forlanga at dei gjer som trenaren seier. Disiplin er jo òg noko som trengst! seier «sensei» Osmundsen.
Vart brått bonde
Denne mannen kjem eigentleg frå Avaldsnes på Karmøy, men i 1997 slo han seg ned på Nordskog i vestlege Sveio saman med kona. Der lever han «det glade liv» som bonde, noko han på eit tidspunkt i livet aldri hadde sett føre seg å enda opp som.
— Eg hadde aldri i livet tenkt at eg skulle verta bonde. Som ungdom budde eg i eit byggjefelt og gjekk på gymnaset i Haugesund, og det freista ikkje å stå opp så tidleg som bønder gjer. Men det er utruleg kva ein får til! seier Osmundsen og ler.
Han legg dessutan til at kona hans var fast bestemt på at ho skulle verta bonde og taka over familiegarden på Nordskog. Då hadde Osmundsen i grunnen ingen val.
Ein livsstil
Osmundsen er utdanna landbruksmekanikar, noko som kjem godt med i den daglege drifta av garden. På Nordskog driv han og familien med slaktegris og mjølkekyr, og trass i at han trivst med dette arbeidet, må han samstundes vera sparsam og bruka inntektene med omhug.
— Me kan ikkje bruka meir enn me tener. Me har ikkje hytte på fjellet eller båt ved sjøen, og me kan ikkje gå ut på kino eller restaurant når me vil. Å vera bonde er noko ein må vilja heilt og fullt. Eg bruker å seia at alle dagar på ein gard sluttar på ein arbeidsdag, det vil seia at kvar dag er ein arbeidsdag. Å driva gard er ein livsstil, understrekar Osmundsen og legg til at tilværet som bonde er upåklageleg:
— Det er så mykje positivt med å vera bonde, sjølv om det krev tida di fullt og heilt. Ein kan administrera arbeidsdagane sjølv, ein kan vera ute i det fine vêret kvar dag sola skin, ein høyrer fuglekvitter og følgjer andungane frå dei er små til dei vert store.
Eldsjeler trengst
— Kva er du oppteken av elles?
Nordskog-bonden tenkjer seg om ei stund, men har eit klart svar på kva som er viktig for han.
— Det må kanskje vera at folk engasjerer seg. Det verste scenarioet er at ingen bryr seg, for då får me ikkje gjort noko som helst rundt oss. Ein treng eldsjeler som dreg i gang ting og vedlikeheld aktivitetsnivået i bygdene. Det kan dreia seg om så mangt, berre ein er engasjert i noko. Samfunnet verkar ikkje utan friviljuge, og all innsats kan ikkje vera løna. Den norske dugnadsånda er særs viktig, forklarer Osmundsen, som på bakgrunn av den friviljuge innsatsen sin får ein blomebukett frå Vestavind.
— Eg set pris på at eg vert sett for det eg gjer, avsluttar Osmundsen med eit smil.