nyhende
Gullvegen: Avheng av at fylket gjer noko
Mølstrevåging Jan Olav Næss fekk i dag med seg ordførar André Mundal Haukås i passasjersetet for å visa Gullvegen sett i frå ein lastebil.
Halvvegs i «Tour de Gullvegen» møter Vestavind yrkessjåfør Jan Olav Næss og dagens passasjer, ordførar André Mundal Haukås.
– Kva synest du om turen?
– Jo det har vore ein flott tur så langt, seier Haukås.
– Me skal vidare til Eltravåg etterpå for å sjå resten av vegen, seier Næss.
Yrkessjåføren ynskjer utbetring så raskt som mogeleg, fordi klokka tikker mot då Ølen Betong skal byrja å levera mange betongelement til Rogfast-prosjektet.
– Då vert det mange vogntog langs vegen kan eg lova deg, seier Næss.
Haukås er samd med Næss, men trekk fram at det dessverre vert litt vanskelegare enn ønskeleg.
– Det er ein fylkesveg, så me kan ikkje berre løyva pengar og gjera noko med det. Me må følgja det opp både mot fylkesadministrasjonen og politisk, seier Haukås.
– Kva skal du konkret gjera med dagens erfaringar?
– Eg skal ta det opp med fylket neste gong me møtast. Det er i løpet av månaden, svarar Haukås.
Ordføraren har sjølv sete mykje i ein lastebil og fortel at han veit kor trong vegen kan vera. Han håpar sine kollegar frå fylkeskommunen hugsar kva dei såg då dei var på tur her tidlegare i år.
– Dei fekk jo sjå mykje av dette under turen arrangert av Jarle Jacobsen (KrF). Då vert det lettare for dei å forstå når dei skal løyva pengar til prosjekt, seier Haukås.
Jarle Jacobsen er kommunestyrerepresentant og inviterte tidlegare i år fylkesordførar Jan Askeland (Sp) til motorsykkeltur i Sveio for å sjå på vegane.
– Om fylkesordføraren kjem att, kan Næss forventa ein telefon frå deg om å vera guide?
– Det skal ein ikkje sjå bort i frå, humrar Haukås.
– Berre kom, eg er klar, seier Næss.
MERKNAD:
I den første utgåva av artikkelen vart ordføraren feilsitert med at «fylket må gjera eit politisk vedtak». Det er fylket som sit med makta til å gjera noko, men dei treng ikkje å gjera eit politisk vedtak. Vestavind ber om orsak for feilen.