nyhende
Grønt skifte i Lerøy Sjøtroll
Som ein del av ei større klimavennleg satsing, er Lerøy Sjøtroll i gong med å elektrifisera oppdrettsanlegget sitt på lokaliteten Raunevågen. Fleire anlegg står for tur. Investeringane har ein verdi på fleire titals millionar kroner.
På lokaliteten Raunevågen nord for Staupe, driv Lerøy Sjøtroll produksjon av laks og aure. I meir enn 20 år har det vore laksemerdar på denne plassen. Anlegget skal no elektrifiserast. Dersom alt går etter planen er arbeidet ferdigstilt våren 2021.
– Utlegging av sjøkabel til lokaliteten Raunevågen er ein del av ei større satsing i Lerøy Sjøtroll der me går vekk frå dieselaggregat og over til klimavennleg landstraum. I løpet av ein toårs periode har me ein ambisjon om å elektrifisera over 20 anlegg i (tidlegare) Hordaland. Reduksjon av klimautslepp er heilt klart ei hovudmålsetting med investeringane. I tillegg er dette støyreduserande og fører til auka trivsel både for dei tilsette og for omgjevnadene våre, opplyser dagleg leiar i Sjøtroll, Nina Møgster.
Grønt skifte
Ifølgje Møgster skal selskapet i løpet av eit par år elektrifisera over 20 anlegg som ein del av deira klimastrategi. Anlegg som står for tur er Stualand som ligg lenger sør i same fjordarm som Raunevågen, og Grimsholmen i innløpet til Førdespollen.
Raunevågen har ein maksimalt tillate biomasse på 3120 tonn. Det blir sett ut fisk annakvar vår, og fisken står i sjø i opptil halvanna år.
– Akkurat no er lokaliteten tom, og me skal setja ut fisk til våren, opplyser Møgster. Ho legg til at Sjøtroll har tre tilsette på lokaliteten, og totalt 14 i Sveio.
22.000V i kabelgrøft
Arbeidet med å grava grøft til høgspentkabelen starta opp etter ferien, og blir utført av Karmøy-verksemda Danielsen & Saltvedt Maskin AS. Haugaland Kraft hentar høgspent frå eksisterande nettstasjon på Staupe.
– Høgspentkabelen, som er på 22.000V, skal leggjast i grøft langs eksisterande veg, ei strekkje på rundt to kilometer fram til Raunevågen. Me er no komne omtrent halvveges, men reknar med at siste biten vil ta litt lengre tid då det her er ein avstikkar med fleire kundar. Sjøkabelen ut til anlegget er 0,5 kilometer, og er på heile 1000V, opplyser prosjektingeniør Kristin Alvsvåg i Haugaland Kraft.