nyhende

Fjord Motorpark heldt møte med næraste naboar:

Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg eit mogeleg anlegg.Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset
Inne i det raude feltet er området Fjord Motorpark ser for seg eit mogeleg anlegg.Illustrasjon: Google, grafikk: Thomas Vallestad Drageset

– Grei tone, men måtte svara for oss

Tyrsdag denne veka heldt Fjord Motorpark informasjonsmøte for bebuarane på Fjellstad. Styreleiar John Magne Langåker meiner det var eit godt møte kor det vart lettare for dei lokale å stilla spørsmål. No ligg ballen hos kommunen. – Me byrjar å verta optimistiske, seier Langåker.

Publisert Sist oppdatert

Han er ikkje sikker, men trur det var mellom 20 og 30 bebuarar frå Fjellstad som var til stades på informasjonsmøte til Fjord Motorpark tysdag kveld.

– Det vart eit lite møte denne gongen, fordi  me på forrige allmøte fekk innspel om å ha eit møte berre for dei næraste naboane. Då vart det lettare å stilla spørsmål, seier John Magne Langåker, styreleiar i Fjord Motorpark.

Litt framgang i planane

Ynsket om motorpark i Paddevegen har vekka både glede og uro blant sveibuar. Det einaste som konkret har endra seg er at forslaget har gått fram, om berre litt.

– Formannskapet gjekk samrøystes inn for forslaget nokre veker tilbake. Så det er der prosessen ligg, meir eller mindre hjå kommunen, seier Langåker.

Det opphavelege forslaget vart endra av administrasjonen, som tok vekk ynska område grunna omsyn til drikkevatn og myr. Styreleiaren tenkjer det er greit og opplever kommunen som positiv.

– Så det går framover?

– Ja, og det ser lovandes ut i og med at det vart samrøystes i formannskapet. Administrasjonen har teke det med vidare i planen. Då byrjar me å verte optimistiske, seier Langåker.

Har ikkje alle svara enno

Eit problem under både tysdagens møte og førre informasjonsmøte er at folk ynskjer å vita meir enn kva Fjord Motorpark kan svara på.

– Dei vil ha enda meir informasjon og forventar svar på detaljar som ikkje er mogelege å svara på enda, seier han.

Bebuarane var delt mellom positive og skeptiske, og Langåker fortel at han er glad for at det var god dialog.

– Me måtte svara for oss, humrar han.

Langåker seier det ikkje kjem konkrete teikningar og liknande før forslaget om eit område er sett av til motorpark er ferdig handsama politisk. Det vert i løpet av 2025 trur han.

– Det kostar mykje å prosjektera, og me vil vera sikre på at me har eit areal til det, seier han.

Håpar å verte nummer fem i Noreg

Først då byrjar detaljeprosjekteringa, kor Fjord Motorpark kan sjå nærare på kva dei får plass til.

– Kva er hovudprioriteringa dykkar?

– Hjartet i prosjektet er racingbane for bil og motorsykkel. Det er berre fire andre i Noreg, næraste er fire timar unna i Sokndal, svarar Langåker.

Viss mogeleg ynskjer dei også ein bane kor bilar kan «drifta», som er ein form for kontrollert sladding. Styreleiaren lovar at når det er komen meir konkret informasjon skal dei kalla inn til eit nytt informasjonsmøte.

– Kva som kjem må me sjå når det er klart. Det er ein veg igjen enda, avsluttar han.

Powered by Labrador CMS