NPK-NTB: Kvinner som blir gravide, klarer i stor grad å leggje vekk snusen i løpet av svangerskapet. Under 2 prosent av dei oppgir at dei heldt fram med snusen.
Av 17.473 gravide i 2021 svarte 813 kvinner at dei brukte snus då svangerskapet starta. Det utgjorde 4,7 prosent, viser tal frå Medisinsk fødselsregister hos Folkehelseinstituttet. Ved slutten av svangerskapet var det berre 1,8 prosent av dei gravide som brukte snus, melder P4.
Snusing, som røyking, kan føre til auka risiko for låg fødselsvekt, keisarsnitt og i verste fall dødfødsel.
Snusbruken var størst blant dei yngste gravide. Blant gravide under 19 år var 14,7 prosent snusbrukarar. I aldersgruppa 20–24 år galdt dette 9,8 prosent.
(©NPK)