nyhende

Sol, blå himmel og vindstille i dagevis er ikkje kvardagskost. No er det venta gråvêr fredag og laurdag før sola kjem tilbake igjen. Foto: Ellen Marie Hagevik
Sol, blå himmel og vindstille i dagevis er ikkje kvardagskost. No er det venta gråvêr fredag og laurdag før sola kjem tilbake igjen.

Grått og sludd fredag til laurdag, så kjem sola tibake

Det er sendt ut gult farevarsel for snø på store delar av Vestlandet fredag tll laurdag, men det ser ut til at Sveio slepp unna med litt sludd.

Publisert Sist oppdatert

Uvanleg flott vintervêr med sol, blå himmel og vindstille har vore til stor glede for mange den siste veka. Med nokre plussgrader på dagtid og frost om natta.

Torsdag er også meldt å bli strålande, men fredag kjem det sigande eit lite lågtrykk. Det har med seg skyer og nedbør. Såpass mykje nedbør at det er meldt opp mot 15 cm snø i indre delar av Vestlandet. I kystområda er det venta mindre nedbør, og den vil koma som litt regn eller sludd.

Sol frå søndag

Lågtrykket blir ikkje verande lenge. Allereie laurdag ettermiddag kan det bli solgløtt, og søndag blir det blå himmel og sol igjen. Den største endringa er at det er venta kaldare netter og morgonar med ned i 7-8 minusgrader.

I Sveio er er det meldt strålande vêr fram til onsdag i neste veke. Frå torsdag 20. februar ser det ut til å skya til igjen og temperaturen vil stiga. Sjølv om det blir overskya, melder Yr lite nedbør til og med neste helg.

Går mot grå vinterferie

Dei som har vinterferie neste veke kan altså sjå fram til mykje fint vêr. Verre blir det når det er sveibuane sin tur. På 21-dagarsvarselet til Yr ligg sjansane for regn mellom 45 og 60 prosent i vinterferieveka.

Powered by Labrador CMS