nyhende
Gratis inngang for alle som flyktar frå Ukraina
Haugalandmuseet har vedteke at gyldige ukrainske pass og ID-kort kan brukast som inngangsbillettar til museumsavdelingane Haugesund biletgalleri og Karmsund folkemuseum.
Ordninga vil gjelda frå og med laurdag 19. mars og inntil vidare, melder Mads Ramstad i ei pressemelding.
Ramstad er direktør for Haugalandmuseet i Haugesund.
Vidare understrekar direktøren at Haugalandmuseet støttar det ukrainske folket, og at dei tek avstand frå krigshendingane Europa no er vitne til.
Annonse
— Dette er ikkje berre eit åtak på det ukrainske folket. Det er ein krig mot demokratiske verdiar, menneskerettar og fred.