nyhende
Grasbrann sløkt tre-fire meter frå Auklandshamn skule
Meldinga om ein grasbrann i Auklandshamn kom rett før klokka 20.00 torsdag kveld. Rask reaksjon frå brannfolk som bur i området bidrog til å avverga eit langt verre utfall enn eit mindre svidd område.
Meldinga gjekk ut på grasbrann ved Stølen, men det viste seg at det brann mellom forsamlingshuset Filadelfia og Auklandshamn skule. Vel 20 minuttar etter at brannen blei meldt, kan Bjarne Hetlesæter, uttrykningsleiar Haugaland brann og redninga avdeling Sveio og Førde, fortelja at brannen er sløkt.
— Me har to brannfolk som bur i Auklandshamn og Vestvik, og desse to kom raskt til staden. Dei brukte det dei hadde tilgjengeleg av mellom anna vasslange, brannsløkkingsapparat, og hadde fått slått ned grasbrannen då me kom, fortel Hetlesæter.
Det kunne gått skikkeleg ille utan rask respons. Først frå bonden som bur like ved og raskt fekk varsla, så innsatsen til dei to lokale brannmennene.
Brannen blei sløkt berre tre-fire meter frå veggen til Auklandshamn skule. Det er heller ikkje mange meter frå det 70-80 kvadatmeter avsvidde området til Filadelfia.
— Me har no dynka området grundig slik at det ikkje er fare for at elden kan blussa opp igjen, sier Hetlesæter.