nyhende

Desse damene har strikka og brodert i så mange år at arbeidet går på automatikk. Fyrste måndag i mars møttest dei att på soknehuset i Sveio. FOTO: GUNNHILD LØNNING
Desse damene har strikka og brodert i så mange år at arbeidet går på automatikk. Fyrste måndag i mars møttest dei att på soknehuset i Sveio.

— Godt å endeleg kunna samlast

Både allsong, kaffi, loddtrekking, gode samtalar og handarbeid inngår i dei månadlege møta på soknehuset. Dei strikkeglade damene gleder seg over å kunna møtast som normalt att etter to år med sosiale avgrensingar.

Publisert Sist oppdatert

— Det er godt me endeleg kan samlast som normalt, seier Marit Tveit.

Ho er éi av dei fire som sit i styret for strikkeklubben i Sveio.

Måndag møttest dei att på soknehuset. Dei siste par åra har klubben måtta avlysa fleire av dei planlagde møta.

No ser det derimot ut til at dei kan gjennomføra strikkesamlingane som ynskt.

Viktig og sosialt

Tveit synest strikking er ei kjekk fritidssysle og eit arbeid ein kan gjera parallelt med mykje anna.

Ein kan til dømes prata med andre, sjå på TV og lytta til radio medan strikkepinnane går. I tillegg ser ho på strikking som ein tradisjonsberar.

— Strikking er viktig og sosialt, seier ho.

Liv Eidesvik Våge, som er ein av dei mange medlemene i strikkeklubben, speler piano under allsongen, men er òg ein aktiv strikkar.

— Eg vert så rastlaus om eg ikkje har noko å fikla med, seier ho.

Klubben har alltid med seg pianisten Liv Eidesvik Våge på laget. Strikkeentusiastane song kjende viser og salmar, og pianisten sette tonen.

Ein møteplass

Strikkinga på soknehuset har skapt eit sosialt samlingspunkt for sveibuane, og for somme vart strikkeklubben ein inngang til lokalmiljøet og nye venskap.

Marit Fosse kom til Sveio for ti år sidan, men kjende ingen på det tidspunktet. Ho bestemte seg difor for å melda seg inn i strikkeklubben, og har sidan stifta kjennskap til fleire som deler lidenskapen for strikking.

— Det er på denne måten eg kom inn i miljøet, seier ei glad Fosse.

Sidan krigen i Ukraina braut ut, har ho dessutan strikka mykje til menneske på flukt frå heimlandet.

Dermed kan ein seia at ho har drive humanitært arbeid ved hjelp av strikkepinnane sine.

(Saka held fram under bileta).

Marit Fosse fortel at ho kom til Sveio for ti år sidan, og at ho den gong ikkje kjende nokon i bygda. Då melde ho seg inn i strikkeklubben. Dette vart hennar inngangsbillett til lokalmiljøet. — No kjenner eg mange i Sveio, seier Fosse.
Her sit Aslaug Kinn og Marianne Svarverud Hansen med handarbeidet sitt. Tveit strikkar sjal til seg sjølv av restegarn, medan Hansen broderer eit bakeklede.
Sigrid Hovda strikkar bunadssokkar. Det har vore eit tidkrevjande arbeid, men her er ho nesten i mål med sokk nummer to.
Oddny Sveen Selbak strikkar gule sokkar, men veit ikkje til kven. — Kanskje tek eg dei sjølv, seier ho.
Her kan ein skimta Astrid Sveen, som er med i styret til strikkeklubben. Ho driv i hovudsak med hardangerbroderi.
Marit Tveit (t.v.) strikkar òg. Ho arbeider her med eit par sokkar.

Meir enn strikking

I strikkeklubben skjer det meir enn «berre» strikking.

Under strikkesamlinga fyrste måndag i mars vart det halde eit lite årsmøte, men òg minnestund for ein medlem som gjekk bort for litt sidan.

Tveit tende ljos, og forsamlinga vart stille for å æra den avlidne.

Strikkeklubben heldt måndag ei lita minnestund for ein medlem i klubben som nyleg gjekk bort. Her tenner Marit Tveit eit ljos for å æra den avlidne.

Etter minnestunda song dei songar, alt frå vårsalmen «No livnar det i lundar» av Elias Blix til «Den første løvetann» av Alf Prøysen. Mellom synginga og alt handarbeidet åt dei niste, prata saman og kjøpte lodd til inntekt for drifta av soknehuset.

Dei som trekte vinnarlodda, vann flotte premiar; alt frå kaffi og sjokolade til gryteklutar, blomar og hudpleieprodukt.

Under samlingane, som alltid finn stad den fyrste måndagen i månaden, er det sal av lodd. Inntektene frå loddsalet går til drifta av soknehuset, og ein kan vinna flotte premiar.

— Pandemien har gjort noko med oss

Marit Tveit meiner koronatida har sett sitt preg på folket, særleg fordi me ikkje har kunna samlast som normalt.

— Det er ingen tvil om at pandemien har gjort noko med oss, seier ho.

— For oss eldre har nok dørstokkmila vore ekstra lang under pandemien, i og med at me på eit tidspunkt tilhøyrde risikogruppa, seier Marianne Svarverud Hansen.

Hansen og Tveit kan likevel fortelja at koronatida ikkje berre har hatt negative følgjer. Naturen har dei nemleg nytta seg flittig av:

— Eg trur ikkje eg har gått så mykje tur før som det eg gjorde i koronatida, seier Tveit og får støtte av Hansen ved sida av.

Powered by Labrador CMS