nyhende

Møtet foregår i kommunestyresalen. Foto: Susanne Lie Vallestad
Møtet foregår i kommunestyresalen.

Godkjente plan for førebyggande arbeid

Kommunestyret godkjente måndag kommunedelplan for førebyggande arbeid i Sveio kommune.

Publisert Sist oppdatert

Planen er ei oppfølging av den nye barnevernlova som kom i 2021, der det blir lagt større vekt på tidleg førebyggande innsats enn reparasjon i etterkant.

Grunnpillarane elles er heilskapleg tenetetilbod, samarbeid på tvers av sektorar og kommunar og tydeleg ansvarsdeling mellom stat og kommune.

Betre samordning

Av saksdokumentet går det fram at Sveio har gjort eit grundig kartleggingsarbeid, og kommunen har vore såkalla BTI-kommune sidan 2017. BTI står får Betre Tverrfagleg Innsats. Denne nye tankegangen er likevel ikkje godt nok implementert i alle einingane som arbeidar med barn og unge, skriv rådmannen.

Arne Valen (Sp) var den første som fekk ordet i denne saka. Han etterlyste mellom anna fleire høyringsinnspel, ikkje minst frå ungdomsrådet, og meinte dei nye ungdomsrådsmedlemmene må få betre opplæring til å engasjera seg i aktuelle saker.

Tiltak for å auka talet på høyringsuttalar var også tema for ein interpellasjon frå Valen som ordførar André Mundal Haukås (H) svarte på.

Foreslo barnekoordinator

Valen ba også om samordning mellom den førebyggande planen og andre relevante planar som frivilligplanen og bustadsosial handlingsplan.

Dessutan stilte han spørsmål om kommunen treng ein barnekoordinator for å få til betre samordning mellom einingane. Han kunne elles opplysa at barnevernet i Sveio så langt i år har fått heile 30 meldingar.

Statusrapport

Sveio har alt ein barnekoordinator knytt til habiliteringstenesta, kunne rådmann Jostein Førre fortelja.

Valen fekk støtte frå John Kristian Økland (H), som også foreslo at ein statusrapport må innarbeidast i kommunen sine årsmeldingar. Dette forslaget blei lagt til innstillinga frå formannskapet og samrøystes vedteke.

Powered by Labrador CMS