nyhende

Tommy Østhagen er heilt sikker på at det dei siste åra har komme 1.000- 10.000 nye stadar med ramslauk. – Folk har kjøpt frø på hagesenter eller tatt med ei plante frå skogen som dei har planta i hagen og som vidare har spreidd seg ut i naturen, seier han. Foto: Kari Hamre / NPK
Tommy Østhagen er heilt sikker på at det dei siste åra har komme 1.000- 10.000 nye stadar med ramslauk. – Folk har kjøpt frø på hagesenter eller tatt med ei plante frå skogen som dei har planta i hagen og som vidare har spreidd seg ut i naturen, seier han.

Godbit i Sveio-naturen har hamna på raudlista

På Norsk raudliste for artar 2021 blei ramslauken for første gong klassifisert som «nær truga». — Ramslauken høyrer ikkje heime på raudlista, meiner kokk og sanke-entusiast Tommy Østhagen.

Publisert Sist oppdatert
NPK: – Ramslauken har lang fartstid i norsk matkultur. Sannsynlegvis betydde den veldig mykje langt tilbake, og det er også derfor ein omtalar den som vikinganes lauk. Då butikkane kom og sjølvberging blei nedprioritert til fordel for å kjøpe maten, forsvann den ein periode ut av bilete, men dei siste åra har den fått sin renessanse, seier Tommy Østhagen til Nynorsk pressekontor.
Også i Sveio er det fleire som har hatt sansen for ramslauken, som smaksmessig kan minne om kvitlauk.

Raudlista er viktig

Østhagen er kokk, gründer og sanke-entusiast. Til dagleg driv han bedriftene Metervare og Kreativ Catering kor han brukar mykje sjølvsanka ramslauk og andre vekstar han finn i naturen.

– Sidan eg driv med dette heile tida og er der ute har eg førstehandsinformasjon om dette, og derfor er det òg i mi interesse at lauken ikkje blir utrydda, fortel han.

Vidare peikar han på at raudlista er og skal vere eit nyttig verktøy for å vite kva ein kan og kva ein ikkje kan plukke i norsk natur.

– Derfor er det viktig at den stemmer overeins med verkelegheita. Viss lista ikkje stemmer, mistar den truverdet si, seier Østhagen.

Lokal freding bør vere nok

Østhagen etterlyser også dokumentasjon frå Artsdatabanken på kvifor ramslauken har blitt raudlista.

– Eg føler mest at dei går etter eit føre-var-prinsipp, seier sanke-entusiasten.

Han peikar på at lokal freding i utsette område bør vere nok.

– Det finst ein rekke freda naturområde i Noreg og der skal det sjølvsagt ikkje plukkast. Då må ein også handheve forbodet lokalt, påpeikar Østhagen.

Vil ha meir kartlegging

Sanke-entusiasten er òg overtydd om at ramslauken, i motsetning til kva raudlistestatusen indikerer, spreier seg i stadig fleire område.

– Eg er heilt sikker på at det dei siste åra har komme 1.000- 10.000 nye stadar med ramslauk. Folk har kjøpt frø på hagesenter eller tatt med ei plante frå skogen som dei har planta i hagen og som vidare har spreidd seg ut i naturen. Ramslauken spreier seg heilt vilt.

Han meiner at meir dokumentasjon og kartlegging må på plass.

– Vi må dokumentere om det blir fleire eller færre stadar med ramslauk, om felta har blitt større eller mindre og om hausting skadar ramslauken.

Sanking er naturvern

Østhagen viser òg til at sanking er ei form for naturvern.

– Bedriftene mine kjem til å bruke eitt tonn ramslauk i år, og når vi gjer det, kjem vi til å bruke eit tonn mindre av noko anna. Det tonnet av noko anna måtte ein kanskje ha dyrka i eit drivhus som ein hadde måtta bygd ned natur for å etablere. Difor er det bra at vi sankar ramslauk, bær og sopp. Det er naturvern, avsluttar han.

Raudlistingar er godt dokumentert

Artsdatabanken som har ansvar for Norsk raudliste for artar opplyser at det alltid ligg rikeleg med dokumentasjon bak ei raudlisting.

– Vi gjer ei vurdering av heile ramslaukbestanden i Noreg, og då må vi sjå på utviklinga både regionalt og lokalt. Fleire stadar blir det hausta veldig intensivt, og det fører til kraftig lokal tilbakegang. Resultatet av det er at vi samla sett for landet reknar med at vi i framtida vil få det ein kallar ein signifikant tilbakegang, seier seniorrådgivar Snorre Henriksen i Artsdatabanken til Nynorsk pressekontor.

– Så vil det sjølvsagt vere stor variasjon mellom område med kraftig tilbakegang til område kor vi ikkje ser tilbakegang i det heile. Summen av dette er det som gjer at arten har hamna på raudlista.

Henriksen understrekar at raudlisting og lokal freding er to heilt ulike problemstillingar.

– Artsdatabankens oppgåve er å presentere eit objektiv og uavhengig kunnskapsgrunnlag for forvaltinga. Vi gjer utelukkande ei vurdering av ein arts risiko for å døy ut i Noreg basert på gjeldande tal. Då er det opp til aktuelle myndigheiter å sette i verk eventuelle tiltak som til dømes lokal freding.

– Tommy Østhagen hevdar at ramslauken, i motsetnad til det raudlistestatusen indikerer, spreier seg til stadig fleire område. Stemmer ikkje dette?

– Det veit eg ikkje, men viss ekspertane hadde vore klar over at det hadde vore ein kraftig vekst i eit område og tilbakegang eit anna område, så ville summen vore at ein ikkje hadde fått tilbakegang. Eg vil anta at ekspertane har konkludert med at ein eventuell auke ikkje er tilstrekkeleg for å vege opp for tilbakegangen, seier Henriksen.

(©NPK)

Tommy Østhagen er kokk, gründer og sanke-entusiast. Til dagleg driv han bedriftene Metervare og Kreativ Catering kor han brukar mykje sjølvsanka ramslauk og andre vekstar han finn i naturen.
Snorre Henriksen i Artsdatabanken fortel at det alltid er store mengder dokumentasjon som ligg til grunn når ein raudlistar ei plante.
Powered by Labrador CMS