nyhende

God stemning på nasjonaldagen

Det bles kald vind og kom nokre dropar, men det påverka ikkje stemninga i 17. maitoget i Sveio.

Publisert Sist oppdatert

— Ja, me elskar, syng Per Bjørn Habbestad over høgtalaren.

Han leia synginga av nasjonalsongen som vart sunge av dei fleire hundre til stades. Som vanleg for Sveio og Bua-krinsane vart grusbanen nedanfor Sveio omsorgssenteret samlingsplassen då toget var ferdig.

Har du 17. mai-bilete du vil dela? Send dei til tips@vestavind-sveio.no

Godt bunadsvêr

Før dei kom seg dit, hadde hundrevis av vaksne, skulebarn, russ, medlemmer av korps og drill, og ikkje minst festglade flagg, teke seg i gjennom sentrum.

Det vart mykje vind og tidvis dropar som fall frå himmelen, men det stansa korkje tog eller glade andlet.

Medlemmane i Sveio Drill hadde full kontroll på drillstavane medan dei marsjerte, og lot ikkje vinden hindra innøvd rutine.

For dei med bunad, som vanlegvis fortvilar over at det vert for varmt grunna sterk sol, var dette nydeleg 17. maivêr.

Dette likar me med Noreg

Ved omsorgssenteret sto mikrofon og høgtalarar klare oppi ei høgde.

Etter første vers av nasjonalsongen, fekk dei frammøtte høyra nokre ord frå forskjellige fjerdeklassingar om kva dei likte med Noreg.

— Eg likar at her kan ein ha den trua ein vil, sa ei.

— Eg likar at me ikkje har krig her i Noreg, sa ein annan.

— Me syng om oss

Etterpå kom ordførar Linn Therese Erve (Ap) til talarstolen. Ho opna med eit lite rop.

— Gratulerer med dagen, sa Erve.

Då fekk ho høglydt svar i form av jubel frå sveibuane.

Ordføraren oppmoda folk til å tenkja på namnet på nasjonalsongen, i samanheng med kva kongen tidlegare har sagt om den.

— Når me syng «Ja, me elskar», så hugs at då syng me om kvarandre. For det er jo me som utgjer Norge, sa Erve.

Powered by Labrador CMS