nyhende
God stemning og falsk alarm hjå Vikse valkrins
Etter ein og ein halv time open gjekk brannalarmen i vallokala på Vikse skule. Då tok valmedarbeidar Guro Røher Eriksen stemmeboksen under armen og sikra stemmene.
På Vikse skule er det fem valmedarbeidarar som skal vera der heile dagen. Etter litt over ein time open kan Elisabeth Tollaksen Vikse bekrefta at det så langt er god pågang.
– Det har vore om lag 30 på ein time, det er ein god del, seier Vikse.
I tillegg til veljarar har valmedarbeidarane teke i mot skuleklassar.
– Dei synest det er kjekt dei og. Det var ein som ja «jippi det er val», humrar Vikse.
Saman med Stig Sandaas, Hilde Sørhus Kalvenes, Guro Røher Eriksen og svigerdottera si Sunniva Vikse har Tollaksen Vikse teke imot viksebu etter viksebu. Og stemninga blant valmedarbeidarane er god.
– Me trivst godt her og har gleda oss, seier Kalvenes.
Sandaas fortel at vanlegvis så er det om lag 300 som er innom for å stemma. I løpet av tida Vestavind er på staden kjem det rundt 10 personar til. Så går plutseleg brannalarmen.
Før ein rekk å summa seg tek Tollaksen Vikse kontroll og får evakuert lokalet. Guro Røher Eriksen tek det viktigaste med seg ut, godt flankert av Kalvenes og ordførar Linn Therese Erve (Ap) som var innom.
Heldigvis var det ikkje noko brann, og skulebarna og valmedarbeidarane fekk gå inn att etter nokre minutt ute i vinden.
– Det er bra dykkar passar på, seier Erve og får latter til svar frå ein glad gjeng.
Kva som var årsaka til alarmen er ikkje kjend, og ingen vart hindra i å stemma.