nyhende
God start, men ingen poeng til Sveio
Sveio IL sitt herrelag i volleyball står framleis med berre to sigrar i 2. divisjon.
Det unge og talentfulle Sveio-laget har fått solid matching i klubben sitt comeback på seniornivå, men førebels har det blitt berre to sigrar på ni kampar i den regionale 2. divisjonsserien.
AUSTRÅTT – SVEIO 3-1:
Sundag fekk Sveio ein god start då dei vann eit særs jamt første 27-25 då dei møtte Austrått i ein kamp som vart spelt i Skåredalen i Haugesund.
Også andre sett vart ein jamn affære, men då stakk gjestene av med settet med knappast mogeleg margin, 25-23.
Annonse
Også tredje og fjerde sett var det motstandaren som tok i hamn, med sifra 25-14 og 25-20.
Tabell, 2. div. volleyball region sydvest: