nyhende

Snart er det tid for hummarfisket, og det er mange om beinet. Foto: Kari Hamre / NPK
Snart er det tid for hummarfisket, og det er mange om beinet.

God påmelding til hummarfisket

Påmeldinga til hummarfisket, som startar 1. oktober, er godt i gang. Hittil har over 16.000 fritidsfiskarar og 522 yrkesfiskarar meldt seg på

Publisert Sist oppdatert
NPK: Tala er frå Fiskeridirektoratet, og Fiskeribladet fortel at det så langt totalt er 17.200 som har meldt seg på. I fjor var 27.000 fiskarar registrerte då fisket tok til 1. oktober.

Hummaren er raudlista og freda store delar av året, og det er også etablert mange fredings- og bevaringsområde. I vår viste ein studie frå Havforskingsinstituttet at bestanden har minka enno meir enn ein har trudd. Frå 1928 til 2019 har den gått ned med 92 prosent.

Fiskeridirektoratet har laga ti kjappe reglar for hummarfiske:

– Hummar med utvendig rogn er freda heile året

– Hummar som er mindre enn 25 centimeter må settast ut att i sjøen

– Du kan ikkje fange hummar i hummarreservata

– Du må melde deg på til hummarfiske kvart år

– Du kan maks bruke 10 teiner per person og per båt

– Teinene skal ha minst to fluktopningar pluss eitt rømmingshol

– Teinene skal røktast minst éin gong i veka

– Vaket må merkast med deltakarnummer, namn og adresse

– Meld frå i Fritidsfiskeappen dersom du mister reiskap

– All fangst må seljast gjennom salslag eller godkjent kjøpar

(©NPK)

Powered by Labrador CMS