nyhende

Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet. Ved å følgja nokre enkle råd kan alle nyta julematen utan uønska konsekvensar.
Husk god mathygiene i julestria, oppfordrar Mattilsynet. Ved å følgja nokre enkle råd kan alle nyta julematen utan uønska konsekvensar.

God mathygiene i julestria

Utilstrekkeleg oppvarming, for sein nedkjøling av mat, lagring av mat ved for høg kjøletemperatur, eller slurv med reinhaldet kan øydeleggja julekosen. Mattilsynet går no ut med gode råd for å unngå matforgiftig i julestria.

Publisert Sist oppdatert

Ein viktig del av julehøgtida er å samla venner og familie til godt lag med god mat og drikke. Men det er viktig å vera påpasseleg med mathygienen. Difor vel Mattilsynet no å gi tips om både tilbereiing og oppbevaring av julematen:

Smittekjelder kan vera alt frå skitne hender til rått kjøt og jord frå grønsaker. Fjørkre kan innehalda campylobacter-bakteriar. Dei som brukar kjøkkenkluten til å tørka ein kjøkkenbenk der julekalkuna har stått, kan, utan å vera klar over det, gi heile familien tarmbetennelse og diaré i romjula.

En god julelunsj eller middag skal vara lenge, men når varme rettar blir ståande framme for lenge kan maten gi grobotn for bakteriar. Så første råd er å sørga for at varm mat blir servert skikkeleg gjennomvarm.

Bakteriar trivst i temperaturar mellom 20 og 40 grader, men dei klarar seg ikkje når maten blir varma opp til 70 grader eller meir. Hugs også at restemat som skal etast dagen etter eller seinare, også blir varma opp skikkeleg.

Hugs rask avkjøling

Verken varme eller kalde rettar, som til dømes sild og laks, bør stå for lenge på spisebordet. Sett maten i kjøleskapet straks etter servering.

Skal du arrangera ein større julefrukost, bør mykje av maten lagast til dagen før. Dersom du lagar leverpostei, kokar skinke eller lagar riskrem, bør maten setjast rett inn i kjøleskapet etter avkjøling.

Sjekk temperaturen

I eit overfylt kjøleskap blir det raskt for lite luftsirkulasjon, noko som kan føra til at temperaturen stig. Sjekk difor termostaten, og juster temperaturen om nødvendig. Kjøt og fisk bør lagrast i den kaldaste delen, som oftast nederst i kjøleskapet.

Kvar for seg

Når du skal gjera i stand julefrukosten eller julemiddagen, er det viktig å halda råvarene og ferdiglaga mat frå kvarandre. Det er spesielt viktig å unngå at rått kjøt, fjørkre, fisk eller egg kjem i kontakt med mat som skal serverast kald.

Hugs å byta arbeidsreiskap mellom dei ulike råvarene, og mellom råvarer og ferdiglaga mat – eller vask kjøkkenreiskap godt mellom kvar oppgåve.

Sist, men ikke minst; hugs god handhygiene.

Powered by Labrador CMS