nyhende
God, gamal årgang – Vinmonopolet jubilerer
Vinmonopolet vart i si tid etablert fordi europearar kravde å få selje vinen sin til nordmenn sidan dei kjøpte så mykje fisk av oss. I år er dette hundre år sidan, og 94 prosent av den norske befolkninga har fått polutsal i kommunen sin.
Hundre årsjubileet skal markerast gjennom heile året med ulike informasjonstiltak.
– Målet er å hente heile historia til Vinmonopolet fram frå dei støvete krokane og fortelje ho til publikum. Dette blir mellom anna formidla på nettsidene våre, gjennom ein eigen podkast-serie, i ein biletserie på Instagram, i artiklar i aviser og innslag på tv. Og så kjem det ei jubileumsbok til hausten, fortel kommunikasjonssjef Jens Nordahl.
Frå portvin til raudvin
I dag går «alle» på polet, korleis var det i 1922?
– Det var berre dei største byane i landet som hadde polutsal i byrjinga, så kundane var først og fremst byfolk og ein og annan tilreisande. Når vi ser på foto av polkøar frå 20-talet, ser vi at dei femnar ganske breitt og at det står både kvinner og menn, seier Nordahl.
Nordmenn hadde eit lågt konsum av «vanleg» vin dei første åra av Vinmonopolets eksistens. Vi var eit øl- og brennevinsdrikkande folk.
– Når det gjaldt vin var det størst sal av sterkvin, som portvin, sherry og madeira. Svakvin var eit marginalt fenomen som få drakk. Vi må ut på 60-talet før vi ser at svakvinsalet gjer noko av seg. Og 1967 var eit merkeår. Då gjekk vinsalet forbi brennevin målt i liter, og det skjedde på polutsalet på Briskeby på vestkanten i Oslo, fortel Nordahl.
Sakte, men sikkert følgjde resten av Noreg etter dei komande tiåra, i takt med at polutsala vart fleire og samfunnet moderne og meir likestilt mellom kvinner og menn.
– Men vi må heilt til 1995 før svakvin utgjer ei større alkoholmengd enn brennevin på salsstatistikken, seier kommunikasjonssjefen. Og slik er det framleis.
Vinkunnskap i endring
Ifølgje journalist og forfattar Ingvild Tennfjord, som har eiga vinspalte i mellom anna Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad og held vinkurs, har vi nordmenn hatt ei vanvitig modning innan mat og vin dei siste tiåra.
– Det har skjedd ein revolusjon. Nordmenn er generelt blitt meir kunnskapsrike og nysgjerrige på vin – og er villige til å betale meir for flaska. Mange restaurantar, både i bygd og by, har fått eit større medvit rundt kortreist mat og mattradisjonar og fleire i bransjen har utdanna seg innan vin. Dessutan har polutsala blitt fleire og gir nordmenn tilgang til eit stort utval frå heile verda, seier Tennfjord.
Ho synest nordmenn har fått smaken på kvalitet både på tallerken og i glaset.
– Og mange vil lære meir. Det ser vi på talet på deltakarar på vinkursa. I pandemien vart det halde digitale kurs – då nådde vi ut til endå fleire enn vanleg, både folk i distrikta og travle småbarnsforeldre kunne samlast til å smake og lukte, fortel ho.
– Eg hugsar godt kjensla av å ikkje kunne så mykje om vin. Det var ein viktig grunn til at eg starta. Lesarane av stoffet mitt har kunna utvikle seg saman med meg gjennom det eg har formidla.
På desse åra har marknaden endra seg.
– Den tunge raudvinen blir oftare bytt ut med lysare og lettare vinar med lågare alkoholprosent. Prisen har gått opp og nordmenn utforskar fleire enn dei tradisjonelle vinlanda, fortel vinekspert Ingvild Tennfjord og legg til at både vinmarknad og konsumentar vil vere i kontinuerleg utvikling.
Alkoholforbod skapte Vinmonopolet
I 1916 vart det innført eit brennevinsforbod i Noreg som gjaldt både produksjon og sal. Forbodet var grunngjeve i matmangel under første verdskrigen, men hadde også fråhaldspolitiske grunnar då Noreg i årevis hadde hatt eit stort alkoholproblem. Korn og poteter måtte brukast til mat, ikkje til produksjon av øl og brennevin. Men forbodet førte til mykje smugling, illegal produksjon og eit alkoholkonsum staten ikkje fekk oversikt og kontroll over.
Internasjonalt press
Brennevinsforbodet skapte også handelspolitiske vanskar. Vinproduserande europeiske land som kjøpte fisk av oss, ville nemleg at vi skulle kjøpe alkohol av dei. Frankrike, Spania og Portugal stilte nærast ultimatum. Dersom dei skulle halde fram med å handle tørrfisk – som alltid har vore ei veldig viktig eksportvare for oss – måtte Noreg lage eit system der nordmenn fekk kjøpe så mykje vin dei ville.
Det var heilt utenkjeleg for norske styresmakter å leggje ned norsk fiskerinæring, så den statlege løysinga på problemet vart til slutt å opprette eit vinmonopol med kontrollert alkoholsal.
Vinmonopolet selde i byrjinga berre vin og bokkøl, og vidareformidla sprit til teknisk og medisinsk bruk.
Spania og Portugal ville også ha tilgang til den norske marknaden med varene sine av heitvin og brennevin. Det førte til at heitvinsforbodet vart oppheva i 1923 og brennevinsforbodet i 1926. Då vart sortimentet til Vinmonopolet også utvida til å gjelde desse produkta.
Pol i alle fylke
Dei nordiske landa, utanom Danmark, har i dag «vinmonopol». Ei slik ordning finst ikkje i resten av Europa.
Sidan 1991, då Sogn og Fjordane som sistemann fekk sine første pol, har alle fylka våre hatt polutsal. Ved nyttår hadde Vinmonopolet vel 340 butikkar. Det vil seie at om lag 94 prosent av innbyggjarane i Noreg bur i ein kommune med eigen vinmonopolbutikk.
Ved årsskiftet var det 76 kommunar utan pol som ønskjer at Vinmonopolet etablerer seg i kommunen deira. Det er forventa sal som avgjer om det er grunnlag for etablering i ein kommune. Minst sju nye pol skal opne i her i landet i jubileumsåret 2022.
Fakta: Rekordår
I pandemiåret 2021 selde Vinmonopolet 118,4 millionar liter alkohol, ein auke på 2,5 prosent frå 2020. Det er rekord. Årsaka er at koronarestriksjonane førte til mindre grensehandel, taxfree-sal og uteliv i store delar av året. Det er likevel ikkje grunn til å tru at nordmenn drikk meir alkohol enn før. I ei Opinion-gransking fortel 69 prosent av dei spurde at dei sidan mars 2020 har hatt stabilt alkoholkonsum, 22 prosent viser til nedgang, medan 9 prosent fortel om auka konsum.
Fakta: Det går mest i raudvin
Raudvin er det nordmenn kjøper mest av på polet. Slik har det vore sidan 1970-talet. Ein god nummer to er kvitvin, følgd av musserande vinar og rosévin. Raudvinssalet har likevel gått ned 2 prosent og kvitvin tilsvarande opp. Salet av musserande og rosévin har derimot auka med 13 prosent. Raudvinen dominerer i dei kalde månadene av året, medan dei andre vintypane er mest populært når varmegradene stig.
Kuriosa: «Fjoseposen»
Vinmonopolet fekk eigne plastposar på 1970-talet. Posen var grå på farge og utan logo for å virke anonym og lite oppsiktsvekkjande. Grå var derimot ein uvanleg farge på handleposar den gongen, og han viste derfor godt i gatebiletet. Fråhaldskvinna Bergfrid Fjose (KrF) var sosialminister på denne tida og posen fekk tilnamnet «fjoseposen» etter at ho vart sett med ein slik pose. Ho visste ikkje at det var ein polpose ho gjekk rundt med.
I 1979 kom ein ny poseversjon. Også den var utan logo, men i fleire fargar, som blei vilkårleg fordelt mellom utsala. Det blei derfor meir vanskeleg å kjenne att polposane, og dei som følte seg uglesett når dei gjekk rundt med flasker, kunne slappe av igjen.
(©NPK)