nyhende

Martin G. Haugland var med i dugnadsgjengen som laga den flotte, nye hellegangen til Valestrand kyrkje.
Martin G. Haugland var med i dugnadsgjengen som laga den flotte, nye hellegangen til Valestrand kyrkje.

Gløymer ikkje den fantastiske brødlukta når bakar Ottesen kom

Vekas sveibu er eigentleg pensjonist, men har mykje å fylla dagane med.

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Martin G. Haugland

Alder: 72

Bustad: Ulveraker

– Eg er eigentleg pensjonist, men bur heldigvis på ein gard der eg får vera med på det daglege arbeidet. Og så har eg vore med på ein del dugnadsarbeid i samband med 150-årsjubileet til Valestrand kyrkje.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– At me bur på ein plass med mykje fin natur. Og så er det ikkje langt til Stord, Haugesund eller Tysvær om det er ting me ikkje har i Sveio.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Det var noko eg sakna, som no førebels har ordna seg; Ro rundt skulane i nordre del av Sveio. Usikkerheit rundt skule gjer at folk ikkje buset seg. Men no ser det ut til at det dilemmaet blir vidareført med den planlagte firfeltsvegen som enten vil øydelegga Middagshaugen eller Ulveraker. Legg vegen i tunnel, så sparar ein begge, men det vil dei jo ikkje.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Det er når eg sat på trappa til gamlehuset til bestemor og venta på Ottesen. Han var bakar i Førde og køyrde ut med brød onsdag og laurdag. Forventninga når han stoppa utanfor huset, opna døra, svinga seg rundt, la hyssingstumpane på benken, så papir og brød og pakka det inn. Eg fekk stolt bera pakkane inn. For ikkje å gløyma den fantastiske brødlukta! Det sit igjen.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Eg har to yrkesgrupper, lærarar og bønder, men det blir bøndene som får ein ekstra honnør denne gongen. Dei blir pressa hardt, men står likevel på kvar einaste dag. Me skal vera stolte over at bøndene i Noreg er dei som brukar minst antibiotika på dyra sine i heile Europa. Det gir oss fantastisk rein og god mat her i landet.

Powered by Labrador CMS