nyhende

Sigbjørn Tveit

– Gler meg til å flytta tilbake til Sveio

Sigbjørn Tveit er vekas «Hei, sveibu»

Publisert Sist oppdatert

Hei, sveibu!

Namn: Sigbjørn Tveit

Alder: 23 år

Bustad: Norheim, Karmøy, snart nyflytta til Lokna

– Eg jobbar som tømrar, samtidig som eg har kome smått i gang med å førebu flyttinga tilbake til Sveio. Noko eg gler meg veldig til.

– Kva gjer du til dagleg?

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Det må vere naturen samt turmoglegheitene rundt oss. Og dei kjekke folka.

– Er det noko du saknar i Sveio?
– Eg skulle ynskt det kunne gå fleire bussar rundt til dei mindre plassane utanfor sentrum. Moglegvis ein tidleg buss før skulebussen og ein på kvelden.

– Kva er ditt beste Sveio-minne?
– Alle dei fine padleturane eg har hatt dei siste somrane på Vigdarvatnet med sambuaren min Maren Elise. Tidlegare har eg også hatt fine turar med familie og speidaren.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Flemming Lothe gjer ein knallgod jobb for ungdommane i Sveio.

Powered by Labrador CMS