nyhende

Dagens påske-enquete

Glenn Rand og Per Bjørn Habbestad

Glenn Rand frå Nordfjord er blitt sveibu, og er musikklærar og artist kjent under namnet Glennen. Per Bjørn Habbestad har ei rekke roller i ulike organisasjonar og bedriftar. Blant anna er han dirigent og styreleiar i Ad Libitum.

Publisert Sist oppdatert

Glenn Rand

Glenn Rand.

Beste påskemat og påskesnop?
– Når det kjem til mat så er eg veldig glad i speilegg, karbonadar og bacon. Eventuelt grillribbe med potetsalat.

Beste påskeminne?
– Det må vera påskeeggjakt saman med ungane. Enten på Ryvarden eller heime i Nordfjord. Eg har også mange gode minne om skiturar med min far då eg var barn.

Kva må/pleier du å gjera i påsken?
– Då må eg vera saman med dei eg er glad i. Samt reisa heim til Nordfjord, til familien.

Per Bjørn Habbestad

Per Bjørn Habbestad.

Beste påskemat og påskesnop?
– Lammelår, steikt lammelår, det lagar eg kvart år. Eg er litt usikker på snop, men eg kan seia appelsin og Kvikk lunsj, gjerne med på ein liten fjelltur.

Beste påskeminne?
Det må vera påskeferiar på fjellet. Me har variert litt med stadane, men ofte reist til Gullingen med familien. Skiferie, rett og slett.

Kva pleier du/må du gjera i påsken?
– Eg må gå i kyrkja (Sveio kyrkje). Eg prøver også å få tid til ein fjelltur, gjerne til ein av toppane i distriktet.

Powered by Labrador CMS