nyhende

Glenn Rand er ein musikar frå Hornindal, som held til i Sveio. No slepper han ein ny låt. FOTO: HANNE CATHRINE FAGERLAND
Glenn Rand er ein musikar frå Hornindal, som held til i Sveio. No slepper han ein ny låt.

Glenn (30) trudde ikkje på sjelevener. No gjev han ut låten «Sjelevenn».

Har du nokon gong opplevd å møta eit menneske som gjer deg meir eller mindre komplett? Det har musikaren Glenn Rand. Om ei veke slepper han ein ny låt med namnet «Sjelevenn».

Publisert Sist oppdatert

Somme trur på sjelevener, andre ikkje.

Glenn Rand var ein av skeptikarane. Heilt til han møtte sin noverande sambuar.

Det romantiske møtet danna utgangspunkt for den nye låten hans «Sjelevenn», som kan strøymast på Spotify frå og med 20. mai.

— Songen handlar om historia bak sambuaren og meg. Etter at me møttest og vart betre og betre kjende med kvarandre, merka me kor like me var, både når det gjeld tankar, verdiar og haldningar. Sambuaren min googla seg deretter fram til ein artikkel om sjelevener, og me kjende oss att i det som stod der. Alt saman stemte, seier Glenn i vissa om at han har funne sin sjeleven for livet.

Du kan høyra låten her

Ein personleg låt

Han omtalar kjensla han sit med som «ubeskrivelig» og vanskeleg å setja ord på.

— Det er ikkje ofte ein møter den einaste «rette» på sin livsveg.

No formidlar han den spesielle opplevinga gjennom musikken:

— Dette er nok den mest personlege låten eg har skrive til no, og som tyder mest for meg.

Den romantiske songen «Sjelevenn» er i all hovudsak ein kombinasjon av vise, pop og rock.

Glenn har allereie presentert låten under ein visekveld i Haugesund, og han har òg fått vita av både familie og vener at dette er ein av hans betre låtar.

Glenn kan òg fortelja at «Sjelevenn» vert starten på det tredje albumet i laupet av musikkkarrieren sin.

— Det fyrste albumet gav eg ut i 2019 og det andre i 2020. No har eg hatt to år med pause frå musikkproduksjonen grunna pandemi, så det er godt å endeleg kunna starta opp att. Det er jo musikken som er drivkrafta i meg! seier Glenn.

Glenn Rand under Haugesund Viseklubb i mars.
Powered by Labrador CMS