nyhende

Anders Felde er fylkesleiar i Vestland Bondelag.FOTO: VESTLAND BONDELAG
Anders Felde er fylkesleiar i Vestland Bondelag.

— Gledeleg med fri kalveskyting

Kommunar kan søke Miljødirektoratet om kvotefri avskyting av hjortekalv for komande jaktår. No forventar bondelaget at kommunane følgjer opp.

Publisert Sist oppdatert

— Vi har altfor mykje hjort. Bondelaget har i lengre tid etterlyst sterkare verkemiddel for å redusere hjortebestanden det er difor svært gledeleg at utfordringane kring hjort vert teke på alvor.

Det fortel Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag i ei pressemelding.

— Vi ser på dette som ein god start. Tiltaket om kvotefri avskyting av hjortekalv for er bra, då det betyr at grunneigaren kan skyte alle hjortekalvar på eigen eigedom i jaktperioden.

Stor hjortebestand

— Vi har ein hjortebestand vestlandsbonden ikkje har råd til å behalde, som i tillegg er på veg til å gå utover dyrevelferda til hjorten.

Ei veksande hjortestamme skapar i tillegg interesse- og arealbrukskonfliktar. For å begrense dette ønska mat– og landbruksdepartementet å legge til rette for kvotefri jakt på hjortekalv, og ba Miljødirektoratet legge til rette.

— Eg håpar også at dette kan bidra til å dempe konflikten mellom aktive og passive grunneigarar.

 Vil ha fleire tiltak

— Dette er første steg i rett retning, seier Felde. Vi søkte også om fri avskyting av ungdyr, men det fekk vi ikkje gjennomslag for i denne omgang.

Han forventar at fleire tiltak vil kome, då  hjortestamma er for stor.

— Vi ser også ei auka i talet på trafikkulukker kor hjort er involvert. Dette går ikkje lengre. Bondelaget skal halde fram å jobbe for at fleire og sterkare verkemiddel kjem på plass, seier han.

Powered by Labrador CMS