nyhende

Gla’trimmen får fart på blodomløpet

Mange har sakna Gla’trimmen under pandemien. No har dei starta opp igjen.

Publisert Sist oppdatert

– Fysisk aktivitet er god investering i eiga helse. Me har fått tilbakemeldingar på at eldre som har vore på sjukehus, har fått beskjed om at hadde dei ikkje trent og vore i så god form, så hadde dei ikkje fått den behandlinga dei elles ville fått. Det viser at sjølv om du er eldre, har trening svært mykje å seia for helsa, fastslår Edith Bergmål, som har vore instruktør i Gla’trimmen i ei årrekke.

Høgdepunkt midt i veka

Etter trimmen er det tid for sosialt samvær – for mange eldre eit høgdepunkt. Drøsen går, medan kaffi og frukt blir sett fram – alle er glade for å vera tilbake i normalt gjenge igjen. Snart kjem også songhefta på bordet.

Sofie og Kåre Røen flytta frå Sveio til Stord, men Gla’trimmen vil dei ikkje gje slipp på.

– Den korte køyreturen tek me gjerne for å få vera med på dette flotte tilbodet, seier ekteparet.

Plass til fleire

Gla’trimmen har i dag nær 30 medlemmer i alderen 60 til godt over 90 år. Aktiviteten blir driven i regi av frivillige. Som medlem betalar du ein liten sum, dette går til husleige, frukt og kaffi. Elles er alt det andre basert på dugnad.

Etter trimmen er deltakarane klare for frukt, kaffi og ein god drøs, før dei avsluttar med sang. Frå venstre og rundt bordet: Kari Steine, Tora Lie, Marit Tveit, Astrid Kallevik, Lars Eikehaugen, Martha Larsen, Anne Grethe Sydnes, Sofie Røen, Kåre Røen, Edith Helene Bergmål, Torstein Gramshaug, Willy Mjånes, Anny Strømme, Astri Bøe, Solveig Haukås, Greta Hansen, Brit Karin Bruvik og Torun Valen Frøkedal.

– Me har blitt ein del færre, fleire av dei som var svært ivrige har gått bort, så no har me plass til fem-seks nye, fortel Willy Mjånes. Han er styremedlem i Gla’trimmen saman med Brit Karin Bruvik.

Det starta med turar

Torstein Gramshaug er ein av veteranane i gjengen.

– I 2005, då eg var med i eldrerådet, fekk me oppmoding om å prøva å få til aktivitet, då byrja me med turar i nærmiljøet. Totalt blei det gjennomført 70 turar, deretter gjekk me over til gymnastikk ein gong i veka i gamle banken i Førde, fortel Gramshaug.

Instruktøren får siste ordet, og snakkar på vegne av alle:

– Gla’trimmen er både trening og kos, me tek vare på kvarandre, og viss nokon er borte spør me etter han eller ho, og følgjer dei opp.

Powered by Labrador CMS