nyhende
– Glade for at ingen personar er skadde
E134 ved Fjæra i Etne kan bli stengt i lang tid etter det store steinraset søndag formiddag. Geolog er no på plass på rasstaden.
Geolog inspiserer søndag ettermiddag rasstaden frå helikopter. I raser har ei rekke store steinar enda opp i vegbanen etter å ha losna høgt oppe i den bratte fjellsida over E134, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.
Ingen skadde
– Me er først og fremst glade for at ingen personar er skadde av steinraset, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør for drift og vedlikehald i Statens vegvesen.
Vegbanen har fått omfattande skadar av raset, og det vil ta tid før vegen kan opnast igjen. Fleire av steinblokkene som no ligg i vegbanen må sprengast før dei kan bli fjerna.
Må reinskast før rydding
– Fjellsida må truleg reinskast for ytterlegare lause steinar, og geologen må gje klarsignal før det er aktuelt å senda mannskap inn for å rydda vegen. Det vil uansett ikkje vera aktuelt å opne vegen att i dag, seier Finden.
Omkøyring for trafikken på E134 vil vera på Rv. 13 og Fylkesveg 46. Her er det sett i verk tiltak for å dirigera trafikken. For trafikken som kjem nordfrå vil det vera mest aktuelt å køyra E16 til Bergen og deretter E39.