nyhende
Glade for at diakonstillinga er sikra
Sigrund Breistig og Bente Hovland Johannessen jublar begge over at kommunestyret no har vedtatt å bidra med sin del til finansieringa av den nye diakonstillinga i Sveio.
Stillinga ligg inne i budsjettet for 2025. Det var tverrpolitisk semje om å medverka til å få denne stillinga på plass.
Diakonstillinga blir øyremerka besøksteneste for heimebuande eldre og skal ha tett samarbeid med heimetenesta. Gjenbruksløa og Sveio kommune skal dekka kvar sin halvpart av kostnadene til stillinga i ein prøveperiode. Fleire politikarar har framheva dette opplegget som eksempel på samarbeid mellom det offentleg og private som dei trur det både kan og bør bli meir av i framtida.
Breistig og Johannenssen er med i Sveio-kyrkja sitt diakoniutval som har arbeidd fram grunnlagsdokument for diakonstillinga.
– No er me i full gang med å førebu utlysing av stillinga, seier Breistig.
Både ho og Johannessen reknar med at stillinga vil bli lyst ut i januar og at den nye diakonen vil vera på plass i god tid før neste sommar.